Ghazal eller ghasel (frå arabisk غزل ġazal) er eit kort, lyrisk dikt med ein viktig posisjon i den muslimske verda.

Nastaliq-kalligrafi av ein ghazal av Sadi.

Ein ghazal er danna av 5-15 linjepar der dei første to linjene rimer og rimet, som kan vera eit gjentakande ord eller uttrykk, deretter kjem att i kvar sistelinje. Rimskjemaet kan uttrykkast som aa, ba, ca og så bortetter. Diktaren kan nemna sitt eige namn i det siste verset.

Ghazalar kan vera del av ei større samling eller sekvens av dikt. Dei kan ha ulike tema, men kjærleik og lengt er vanlege. Ofte kan desse tolkast både med ei jordisk og ei mystisk tyding. Andre kan til dømes ha ei meir politisk tyding.

Ein finn ghazalforma i arabisk, persisk, tyrkisk og urdu-litteratur. Den persiske ghazalforma utvikla seg på 1100-talet, med meisterar som Sanai (d. 1130), Nizami (d. 1209), Sadi (d. 1292) og Hafez (d. 1390). Ho spreidde seg frå Iran til Tyrkia, Sentral-Asia og Sør-Asia og vidareutvikla seg med seinare diktarar som Amir Khusrau, Mohammad Fozuli, Mirza Ghalib, Muhammad Iqbal og Kazi Nazrul Islam.

Ghazalen har også inspirert vestlege diktarar som Goethe, August Graf von Platen og Friedrich Rückert på 1800-talet, moderne amerikanske diktarar som Adrienne Rich og norske diktarar som Erling Kittelsen, Jamshed Masroor, Alexander Seippel og Johannes Gjerdåker.

Ghazal-framføring i Hyderabad.

Ghazalar kan framførast som songar, og er rekna som ein eigen musikksjanger. Ghazalar er også blitt mykje brukt som songar i indisk film, og vidare spreidd som populærmusikk gjennom dette.

Kjelder endre


  • Thiesen, Finn. «Ghazal» (23. februar 2015). Store norske leksikon. Hentet 8. april 2015.
  • «Ghazal». The Oxford Dictionary of Islam, red. Esposito, John L. Oxford University Press, 2003.
  • Baldick, Chris. «ghazal». The Oxford Dictionary of Literary Terms. Oxford University Press, 2008.