Indisk film er den største filmindustrien i verda.[1] Han står for over 1000 nye titlar i året,[2] laga på alle dei store indiske språkahindi, bengali, tamil, telugu, malayalam og kannada – med senter i fleire byar. Indisk film er populær i heimlandet, og til forskjell frå mange land i verda er dei ti mest sette filmane gjerne heimeproduserte.[1]

Bilete frå bengali-stumfilmen Devdas frå 1935.

Bollywood sine hindifilmar er den mest kjende delen av filmindustrien, men produksjonen av filmar på andre språk er også viktig. I 2006 blei det laga fleire filmar på telugu (268) enn på hindi (245). Hindifilmar er dei mest innbringande, med tamilske filmar på andreplassen.[1] Hindi-filmane blir produsert i Mumbai, der filmstudioa ofte blir omtalt kollektivt som Bollywood. Dette namnet er også overført til andre språk – tamilske filmar blir produsert i Kollywood, etter distriktet Kodambakkam i Chennai, og telugu-filmar i Tollywood. Filmar produsert på bengali blir kalla Tollygunge, ettersom desse filmane lenge blei produsert i distriktet Tollygunge i Kolkata, medan malayalam-filmar blir laga i «Mollywood».[1]

Soge endre

Den første indiske spelefilmen, marathi-stumfilmen Raja Harishcandra, blei laga av Dadasaheb Phalke i Bombay i 1913.[3] Dadasaheb Phalke-prisen for indisk film blei innstifta i 1969 til ære for han. I 1931 kom den første indiske lydfilmen, Alam Ara, regissert av Ardeshir Irani på hindi.[3]

Tida frå 1940- til 1960-åra er rekna som ein gullalder innan indisk film, då ein både utvikla den populære moderne «masala»-filmen, ei blanding av drama, romantikk og musikk med dans, og ein parallell retning av indisk kunstfilm. Ein representant for den sistnemnde typen er den bengalske regissøren Satyajit Ray, som blei internasjonalt anerkjend for filmar som Pather Panchali (1955) og Shatranj Ke Khilari ('Sjakkspelarane', 1977). Mira Nair og Deepa Mehta er seinare indiskfødde filmskaparar busett utanlands som har laga poetiske filmar knytt til indisk samfunn og problem, som Salaam Bombay! (1988), Monsoon Wedding (2001) og trilogien Fire (1996), Earth (1998) og Water (2006).

Sidan byrjinga har indisk film skildra indisk mytologi og historie, som Kalidas (1931) om sanskritdiktaren Kalidasa, Sant Tukaram (1936) om bhaktihelgenen Tukaram, Mayabazar med handling frå Mahabharata og Mughal-e-Azam (1960), eit drama frå mogultida. Hinduiske tankar og ideal dukkar opp i til dømes reinkarnasjon i Madhumati (1958) av Bimal Roy og ei heroisk landsbykvinne i Mother India (1957) av Mehboob Khan.

Medverkande endre

Indiske filmstjerner kan oppnå stor status. Dei tamiske skodespelarane M.G. Ramachandran og Jayalalithaa Jayaram har begge blitt valde til delstatsministrar. Andre kjende skodespelarar er mellom anna Raj Kapoor, Amitabh Bachchan, Kamal Haasan, Sridevi, Shahrukh Khan og Hema Malini.

Filmmusikk er ein viktig del av dei fleste indiske filmar. Han blir gjerne gjeven ut på album, og både komponistar og songarar kan byggja seg namn på han. Ilaiyaraaja og A.R. Rahman er to filmkomponistar som er blitt kjende utanfor indisk film, medan K.J. Yesudas, Ghulam Ali, Asha Bhosle og Lata Mangeshkar er kjende filmsongarar.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur

  • Ashish Rajadhyaksha (Herausgeber), Paul Willemen (Herausgeber): Encyclopaedia of Indian Cinema ISBN 085170669X
  • Grimaud, Emmanuel: Bollywood film studio ou comment les films se font à Bombay, Paris, CNRS Éd., 2003
  • Grimaud, Emmanuel: La spirale prolifique ou l'histoire du processus cinématographique dans l'Inde contemporaine, CNRS Éd., 2003, ISBN 2-271-06183-0

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Information sheet no.1, unesco.org
  2. «G.V. Films Limited - Letter of offer» (PDF). Henta 10. juli 2013. 
  3. 3,0 3,1 Svendsen, Trond Olav. (2012, 27. januar). «Film I India», Store norske leksikon. Henta 11. juli 2013.
  Denne filmartikkelen og India er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.