Gibbsbreen er ein isbre, 9 km lang, som flyt søraust og ut i den nordlege delen av Mercator forlandsbre på austsida av Den antarktiske halvøya. Denne og Nenybreen, som flyt nordvest, dekkjer eit tverrgåande søkk mellom Mercator forlandsbre og Nenyfjorden på vestsida av Den antarktiske halvøya. Gibbsbreen vart fotografert frå lufta og først kartlagt av U.S. Antarctic Service i 1939–41, og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947–48. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Peter M. Gibbs frå Falkland Islands Dependencies Survey, ein landmålar ved Horseshoe Island i 1957, og sjef på Stonington Island i 1958, som var ansvarleg (i lag med P. Forster) for den første bakkebaserte landmålinga av isbreen.[1]

Gibbsbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 68°28′S 66°0′W / 68.467°S 66.000°W / -68.467; -66.000
Lengd km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Gibbsbreen
68°28′00″S 66°00′00″W / 68.4667°S 66°W / -68.4667; -66
Gibbsbreen is located in Antarktis
Gibbsbreen (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Gibbs Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gibbsbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).