Gilles Personne de Roberval

fransk matematikar

Gilles Personne de Roberval (10. august 160227. oktober 1675) var ein fransk matematikar.

Gilles Personne de Roberval

FøddGilles Personne
9. august 1602
Villeneuve-sur-Verberie, Noël-Saint-Martin
Død27. oktober 1675
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdematematikk, mekanikk, astronomi, fysikk
Yrkematematikar, professor, fysikar
InstitusjonarCollège de France
Q2983799
Alma materCollège de France
DoktorgradsrettleiarMarin Mersenne
MedlemDet franske vitskapsakademiet
Académie Le Pailleur

Han vart først professor i filosofi og seinare i matematikk ved Collège Royal. Han var ein av grunnleggjarane av Det franske vitskapsakademiet. Roberval rekna ut flatevidda til ein sykloide og gav viktige bidrag til kurveteorien. Han utvikla ein geometrisk differensialmetode som han derimot heldt hemmeleg så lenge at Bonaventura Cavalieri kom han i forkjøpet med boka si om «indivisibler». Roberval gjorde òg fysiske og astronomiske undersøkinga og konstruerte ei vekt som er kalla opp etter han.

Kjelder

endre