Gimzo (hebraisk skrift גִּמְזוֹ) er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg mellom Lod og Modi'in og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 812.

Gimzo
גִּמְזוֹ
moshav
Land  Israel
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 31°55′31.43″N 34°56′30.48″E
Grunnlagd 28. februar 1950
 - Grunnlagd av Ungarske immigrantar
Tilhøyrsle Agudat Israel Workers
Kart
Gimzo
31°55′31″ N 34°56′30″ E
Wikimedia Commons: Gimzo

Geografi Endra

Moshaven er i utkanten av Ben Shemen-skogen, kring seks kilometer søraust for Lod, på dei vestlege slettene ved foten av Judeafjella.

Historie Endra

Gimzo vart først nemnd i Bibelen i perioden kring 740 fvt., då filistrane erobra området frå kong Ahaz i Israel. I Krønikeboka II 28:18 invaderte filistrane byane i låglandet og Negev-området i Judea, og fleire stader.

Ein trur namnet Gimzo kjem frå fikenfrukta, som vert kalla «Gomez» og som det veks mykje av i området.

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart den palestinske landsbyen Jimzu avfolka, og innbyggjarane vart flyktningar.[1]

Moshaven vart grunnlagd av ei gruppe immigrantar frå Ungarn den 28. februar 1950. Grunnleggjarane var ei gruppe frå Satmar Chassidim kalla Etz Chaim (livets tre), tilknytt Agudat Israel Arbeidarar.[2]

I 1951 sendte dei israelske styresmaktene ei gruppe immigrantar frå Marokko til moshaven for å auke folketalet. I 1977 slo ei gruppe på 12 unge familiar seg ned der òg.

I dag består moshaven av 140 familiar med over 700 innbyggjarar, inkludert ultraortodokse og ortodokse jødiske innbyggjarar av både sefardisk og askenasisk bakgrunn.

Kjelder Endra

  1. Khalidi, 1992, s. 386
  2. «Moshav Gimzo». Moshav Gimzo. Arkivert frå originalen 29. november 2007. Henta 10. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff Endra