Opna hovudmenyen

Lod (hebraisk skrift לוֹד; arabisk الْلُدّ, al-Ludd; gresk-latinsk: Lydda, Diospolis, gammalgresk: Λύδδα / Διόσπολις - Zevsbyen) er ein blanda jødisk-arabisk by 15 km søraust for Tel Aviv i Sentral-Israel i Israel. Mot slutten av 2012 hadde han eit folketal på 71 060.[1]

Lod
לֹד, לוֹד, الْلُدّ, al-Ludd
by
Downtown area of Lod, Israel 00262.JPG
Sentrum av Lod
Våpenskjold
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 31°56′54.59″N 34°53′20.4″E
Areal 12,23 km²
Folketal 71 060 (2012) [1]
Folketettleik 5 810 / km²
Borgarmeister Yair Revivo
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Lod

Namnet kjem frå den bibelske byen Lod.[2] Etter den israelske erobringa av al-Ludd i 1948, vart dei fleste arabiske innbyggjarane kasta ut.[3] Byen vart busett på ny av jødiske emigrantar, dei fleste av dei flyktningar frå arabiske land,[4][5] i tillegg til dei 1 056 arabarane som vart verande att.[4]

Den største internasjonale flyplassen i Israel, Ben Gurion internasjonale lufthamn (tidlegare kalla Lydda lufthamn, RAF Lydda og Lod lufthamn) ligg i utkanten av byen.

EtymologiEndra

Det hebraiske namnet Lod er nemnt i Bibelen som byen Benjamin var frå, grunnlagd av Shamed eller Shamer (Første Krønikebok 8:12; Ezra 2:33; Nehemja 7:37; 11:35). I Det nye testamentet står han oppført med den greske forma, Lydda.[6][7] Byen er òg nemnt i ein islamsk Hadith, som staden der Dajjal (djevelen) skal drepast før dommedag.[8]

HistorieEndra

Kanaanittisk tidEndra

Ein har funne keramikk datert til 5600–5250 fvt.[9] Dei første kjeldene som nemner byen var ei liste over kanaanittiske byar nedskriven av den egyptiske faraoen Thutmose III i Karnak i 1465 fvt.[10]

Jødisk tidEndra

Frå 400-talet fvt. og fram til den romerske erobringa i 70 evt., var byen ein jødisk by, og eit velkjent senter for jødiske vitskapsmenn og handelsfolk.[11] I følgje Martin Gilbert, under den hashmoneiske tida, utvida Jonatan Apphus og broren Simon Thassi området som var under jødisk kontroll, som omfatta å erobre Lod.[12]

Byen er nemnt fleire gonger i Bibelen. I Kongebøkene 2:33 er han nemnt som ein av byane som innbyggjarane vendte attende til etter det babylonske fangenskapet, og i Det nye testamentet er det staden der Peter lækjar ein lam mann i Apostelgjerningane 9:32-38.[13]

I 43 evt. selde Cassius, den romerske guvernøren i Syria, innnbyggjarane i Lod som slavar, men dei vart sette fri to år seinare av Marcus Antonius.[14][15] Under den første jødisk-romerske krigen raserte den romerske prokonsulen i Syria, Cestius Gallus, byen på veg til Jerusalem i 66 evt. Han vart okkupert av keisar Vespasian i 68 evt.[16]

Under Kitoskrigen, 115-117 evt, kringsette den romerske armeen Lod, som då vart kalla Lydda, der opprørske jødar hadde samla seg, leia av Julian og Pappos. Uroa vart så stor at patriarken Rabban Gamaliel II, som vart heldt fange der og døydde kort tid etter, gav løyve til faste sjølv på Ḥanukkah. Andre rabbiar fordømde dette.[17] Lydda vart så erobra og mange av jødane vart avretta. «Massakren i Lydda» er ofte nemnt i Talmud.[18]

I jødisk klassisk litteratur syner [19] dei «drepne i Lydda» spesifikt til to jødiske brør med greske namn, Julian (Lulianos) og Pappos, som let seg døy som martyrar for å unngå at heile den jødiske folkesetnaden vart utsletta i Lydda. Det verkelege namna deira var Shamayah og Ahiyah. I følgje gamle jødiske soger[20] vart eit spedbarn funnen drepen i byen Lydda då Lusius Quietus av Lysia vart utpeikt av den romerske guvernøren i Judea av Trajan. Jødane i byen fekk skulda for mordet.

Den nemnde guvernøren gjekk inn og truga å drepe alle jødane i byen, med mindre den skuldige melde seg sjølv for straff. Då ingen melde seg og guvernøren stod fast på å ta livet av alle jødane, melde Lulianos og Pappos seg frivillig for å redde livet til dei uskuldige jødane. Guvernøren fekk dei to avretta.

RomartidaEndra

I 200 evt. gav keisar Septimius Severus staden bystatus og kalla han Colonia Lucia Septimia Severa Diospolis.[21] Namnet Diospolis («Zevsbyen») kan ha vore gjeve tidlegare, kanskje av Hadrian.[22] På den tida var dei fleste innbyggjarane kristne. Den første kjende biskopen var Aëtius, ein ven av Arius.[14] I desember 415 vart rådet i Diospolis halde her for å stille Pelagius for retten. Han vart frifunnen. På 500-talet fekk byen namnet Georgiopolis[23] etter St. Georg, ein soldat i garden til keisaren Diocletian, som var fødd der mellom 256 og 285 evt.[24] St. Georg-kyrkja har fått namn etter han.[10]

ArabartidaEndra

 
Khan el-Hilu i Lod

Etter den muslimske erobringa av Palestina av Amr ibn al-'As i 636,[25] vart Lod kalla «al-Ludd» på arabisk og tente som hovudstaden i Jund Filastin («Militærdistriktet Palestina») før maktsetet vart flytta til den nærliggande byen Ramla under regjeringstida til omajade-kalifen Suleiman ibn Abd al-Malik i 715-716. Folkesetnaden i al-Ludd vart òg flytta til Ramla.[26] Då innbyggjarane flytta og Den kvite moskéen i Ramla vart reist, vart al-Ludd uviktig og hamna i nedgangstider.[27]

Byen vart vitja av den lokale arabiske geografen al-Muqaddasi i 985, då han var ein del av Fatimidekalifatet og han nemnde den store moskéen, som tente alle innbyggjarane i al-Ludd, Ramla og nærliggande landsbyar. Han skreiv òg om «den flotte kyrkja (St. Georg) ved porten, der Kristus skal drepe Antikristus[28]

Krossfarar- og ajjubide-tidaEndra

 
Grava til St. Georg, som først vart nemnt kring 530 av pilegrimen Theodosius[14]

Krossfararar okkuperte byen i 1099 og kalla han St. Jorge de Lidde.[11] Han vart ei kort stund erobra av Saladin, men teken attende av krossfararane in 1191. Krossfararane bygde ein katedral, som i dag er blitt Den store moskeen i Ramla -- ei av dei best bevarte krossfararkyrkjene i Israel.[29] For engelske krossfararar, var han ein viktig by, sidan han var fødestaden til St. Georg. Krossfararane gjorde han til sete i eit latinsk bispedøme,[30] og han har framleis denne rolla i dag.[14] I følgje den jødiske reisande Benjamin frå Tudela, var det berre ein jødisk familie som budde der i 1170.[31]

I 1226 vitja den syriske geografen Yaqut al-Hamawi al-Ludd og omtalte byen som ein del av Jerusalem distrikt under ajjubidane.[32]

Osmansk tidEndra

Missjonæren dr. William M. Thomson vitja Lydda på midten av 1800-talet, og skildra han som ein «blømande landsby med kring 2 000 innbyggjarar, omslutta av vakre lundar av oliven, fiken, granateple, morbær, platanlønn og andre tre, ovaralt omgjeve av eit særs frodig område. Innbyggjarane er tydelegvis flittige og driftinge, og heile landet mellom her og Ramleh vert raskt fylt opp av blømande hagar. Eg har sjeldan sett ei meir herleg landsbygd tidleg i innhaustinga... Han må sjåast, høyrast og nytast.»[33]

I 1870, under styret til Det osmanske riket, vart St. Georg-kyrkja bygd. I 1892 vart den første jernbanestasjonen i heile regionen opna i byen.[34] På andre halvdelen av 1800-talet, flytta jødiske kjøpmenn til byen, men dei dlytta etter Jaffa-opprøra i 1921.[34]

Det britiske mandatetEndra

 
Lydda, 1920
 
Herbert Samuel på Lod togstasjon.

Frå 1918 var Lydda styrt av Palestinamandatet. Under andre verdskrigen, sette britane opp forsyningspostar i og rundt Lydda og jernbanestasjonen, og bygde ein flyplass som fekk namnet Ben Gurion lufthamn etter Israel vart grunnlagd.[34]

Fram til 1948 var Lydda ein arabisk by med eit folketal på 20 000—18 500 muslimar og 1 500 kristne.[35][36] I 1947 føreslo Dei sameinte nasjonane ei deling av Palestina i to statar, ein jødisk stat og ein arabisk. Lydda var meint å bli ein del av den arabiske staten.[37] Fleire arabiske statar gjekk til åtak og under den påfølgjande krigen kapra Israel arabiske byar utafor område som FN hadde planlagt for dei, inkludert Lydda.

Det israelske forsvaret gjekk inn i Lydda den 11. juli 1948.[38] Den følgjande dag, med inntrykk at han var under åtak,[39] fekk den 3. bataljonen ordre om å skyte alle «som ein såg på gata». I følgje Israel vart 250 arabarar (menn, kvinner og barn) drepne. Andre estimat er høgare: den arabiske historikaren Aref al Aref estimerer 400 og Nimr al Khatib 1700.[40][41]

Staten IsraelEndra

 
Lydda i 1948

I 1948 steig folketalet til 50 000 då arabiske flyktningar frå andre område kom til byen.[34] Alle utanom 700[42] til 1 056[4] vart drivne bort etter ordre frå israelske overkommandoen og tvungen til å gå 17 km til linja til den arabiske legionen. Det er estimert at ei handfull personar til opp til 355 personar omkom av utmatting og dehydrering.[43][44] Byen vart så plyndra av det israelske forsvaret.[45] Dei få hundre arabarane som vart att i byen fekk ikkje lov å bu i heimane sine.[46] Dei vart raskt i mindretal etter at mange jødiske flyktningar flytta inn i byen frå august 1948 og frametter, hovudsakleg frå arabiske land.[4] Som følgje av dette vart Lydda då ein hovudsakleg jødisk by.[36][47]

Dei jødiske flyktningane kom i bølgjer, først frå Marokko og Tunisia, og seinare frå Etiopia og det tidlegare Sovjetunionen.[48]

I følgje the Economist vart det reist ein tre meter høg mur i 2010 for å skilje dei jødiske arabiske nabolaga, medan arabarane har fått pålagt restriksjonar for utbygging, samstundes som ein har fremja utbygging i dei jødiske områda. Somme kommunale tenester, som gatelys og søppelhenting, finst berre i dei jødiske områda.[49]

VenskapsbyarEndra

Lod er venskapsby med:

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 13. mai 2014. 
  2. The Madaba mosaikk Map, Jerusalem 1954, 61-62
  3. Shapira, Anita, “Politics and Collective Memory: the Debate Over the 'New Historians' i Israel,” Historie and Memory 7 (1) (Spring 1995), s. 9ff, 12–13, 16–17.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 M. Sharon, s.v. «Ludd,» Encyclopedia of Islam, 2nd ed. Leiden: Brill, 1986, vol. 5, s. 798-803. ISBN 978-90-04-07164-3.
  5. Morris, Benny. (2004) The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. Cambridge University Press, s. 414-461.
  6. Bible Dictionary, «Lydda».
  7. International Standard BibleEncyclopedia, «Lod; Lydda»
  8. «SIgns of the Appearance of the Dajjal». Missionislam.com. Henta 12. oktober 2014. 
  9. Schwartz, Josva J. Lod (Lydda), Israel: from its origins through the Byzantium period, 5600 B.C.-640 A.D.. Tempus Reparatum, 1991, s. 39.
  10. 10,0 10,1 «Excursions in Terra Santa». Franciscan Cyberspot. Henta 27. april 2015. 
  11. 11,0 11,1 «Lod», Encyclopædia Britannica, 2009.
  12. Gilbert, Martin. Dearest Auntie Flori: The Story of the Jewish People. New York: Harper Collins 2002, s. 82; also see Josefus, Antiquities of the jødar 14:208
  13. «Lod,» Encyclopædia Britannica, 2009.
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Lydda Catholic-hierarchy.org
  15. Josefus, «Jewish War», I, xi, 2; «Antiquities», XIV xii, 2-5.
  16. Michael Avi-Yonah, s.v. «Lydda,» Encyclopaedia Judaica.
  17. Ta'anit ii. 10; Yer. Ta'anit ii. 66a; Yer. Meg. i. 70d; R. H. 18b
  18. Pes. 50a; B. B. 10b; Eccl. R. ix. 10
  19. Babylonian Talmud, Taanit 18b
  20. Rashi on Taanit 18b, s.v. לוליינוס ופפוס אחיו
  21. Cecil Roth, Encyclopaedia Judaica, 1972, s. 619.
  22. E. Mary Smallwood, The Jews under Roman rule: From Pompeius to Diocletian: A Study in Political Relations, Leiden: Brill, 2001, s. 491. ISBN 978-0-391-04155-4.
  23. Yoram Tsafrir, Leah Di Segni, Judith Green, Tabula Imperii romerski Iudaea-Palestina: Eretz Israel in Hellenistic, Roman and Byzantine Periods; Maps and Gazetteer, s. 171. Israel Academy of Sciences and Humanities, 1994. ISBN 978-965-208-107-0
  24. Frenkel, Sheera and Low, Valentine. «Why Lod, the other land of St George, isn't for the faint-hearted", The Times, 23. april 2009.
  25. Le Strange, s. 28.
  26. Le Strange, s. 303.
  27. Le Strange, s. 308.
  28. Le Strange, s. 493.
  29. Official Website.
  30.   «Lydda». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company. 1913. 
  31. Denys Pringle, The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: A Corpus. Cambridge: Cambridge University Press, 1993, s. 11.
  32. Le Strange, s. 494.
  33. Thomson, W.M. (1861). The Land and the Book. T Nelson and Sons, s. 525.
  34. 34,0 34,1 34,2 34,3 Shahin, 2005, s. 260.
  35. "Lod,» 2. januar 1949, IS archive Gimel/5/297 in Yacobi, Haim. The Jewish-arabarar City, Taylor & Francis, 2009, s. 31.
  36. 36,0 36,1 Monterescu and Rabinowitz, 2007, s. 16-17.
  37. Sa'di and Abu-Lughod, 2007, s. 91-92.
  38. For one account, interspersed with interviews with IDF soldiers, see Ari Shavit, My Promised Land: The Triumph and Tragedy of Israel. New York: Spiegel & Grau, 2013, s. 99-132.
  39. Tal, David. War in Palestina, 1948: Strategy and Diplomacy. Routledge, 2004, s. 311.
  40. Sefer Hapalmah ii (The Book of the Palmah), s. 565; and KMA-PA (kibbutz Meuhad Archives - Palmah Archive). Sitert i Benny Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem, 1947-1949. New York: Cambridge University Press, 1987.
  41. Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem, 1947-1949, s. 205. Morris writes: «[...] dozens of unarmed detainees i mosque and church i centre of the town were shot and killed.»
  42. Talet kjem frå Bechor Sheetrit, den israelske minoritetsministeren, sitert i Yacobi, Haim. The Jewish-Arab City, Taylor & Francis, 2009, s. 32.
  43. Spiro Munayyer, The Fall of Lydda( اللد لن تقع), Journal of Palestine Studies, Vol. 27, No. 4 (Summer, 1998), s. 80-98. Sjå òg Yitzhak Rabin's diaries, quoted here [1].
  44. Holmes et al., 2001, s. 64.
  45. Morris, Benny «Operation Dani and the palestinsk Exodus from Lydda and Ramle in 1948Midtausten Journal 40 (1986) s. 88.
  46. Hoffman, Carl (16. desember 2008). «Lod: In need of a major makeover». © 2008-2009 The Jerusalem Post. Henta 2. juni 2009.  External link in |publisher= (hjelp)
  47. Yacobi, Haim. The Jewish-arabarar City, Taylor & Francis, 2009, s. 29.
  48. «Polishing a Lost Gem to Dazzle TouristsNew York Times. 8. juli 2009.
  49. Pulled Apart. The Economist. 2010-10-14.
  50. «Piatra Neamţ - Twin Towns». © 2007-2008 Piatra-Neamt.net. Henta 27. september 2009.  External link in |publisher= (hjelp)

BakgrunnsstoffEndra