Gina G

australsk songar

Gina Mary Gardiner (fødd 3. august 1970 i Brisbane i Australia), kjend under artistnamnet Gina G, er ein australsk songar. Ho er mest kjend for å ha representert Storbritannia i Eurovision Song Contest 1996 med låten «Ooh Aah... Just a Little Bit». Songen vart ein internasjonal suksess og toppa den offisielle singellista i Storbritannia.[1] Songen nådde også singellistene i Australia, New Zealand, Europa og USA.[2] Songen enda berre på ein åttandeplass i Eurovision Song Contest i Oslo.

Gina G
Fødd3. august 1970 (54 år)
FødestadBrisbane
OpphavAustralia
Aktiv1990–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapWarner Bros. Records
Verka somsongar

Bakgrunn

endre

Gardiner vart fødd i Queensland i Australia og flytta til Melbourne mot slutten av 1980-åra. Der jobba ho som DJ før ho vart med i dance-gruppa Bass Culture, som gav ut fleire singlar tidleg på 1990-talet.[3]

I 1994 flytta ho til London for å jobbe vidare med artistkarrieren, og i 1996 vart ho plukka ut til å delta i den britiske Melodi Grand Prix-finalen, med songen «Ooh Aah... Just a Little Bit». Ho vann den britiske finalen klårt og fekk representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 1996 i Oslo.[4]

Før den internasjonale finalen gjekk «Ooh Aah... Just a Little Bit» inn på den britiske singellista, og Gina G vart tidleg ein favoritt til å vinne Eurovision Song Contest, men i konkurransen enda ho berre på ein åttandeplass. Etter Eurovision Song Contest vart «Ooh Aah... Just a Little Bit» ein stor kommersiell suksess og toppa den britiske singellista. Han gjekk også inn på amerikanske Billboard Hot 100 og hitlister i fleire europeiske land, i tillegg til heimlandet Australia. Songen vart også nominert til ein Grammy i klassen Best Dance Recording i 1998.[2]

I 1997 slapp Gina G debutalbumet Fresh!, som inneheldt singlar som «I Belong To You», «Fresh» og gjennombrotslåten frå Eurovision Song Contest.[5][6] Gina G klarte ikkje i å halde oppe suksessen frå «Ooh Aah... Just a Little Bit». Blant anna hamna ho i ein avtalestrid med produsenten sin. Avtalen gjorde, ifølgje Gina G sjølv, at ho ikkje kunne spele inn ein einaste tone, noko som øydela for heile karrieren hennar. Fyrst i 1999 vart ho løyst frå avtalen etter fleire rundar i retten.[6]

I 2005 prøvde Gina G seg på nytt i den britiske finalen med songen «Flashback», men ho kom sist i finalen Making Your Mind Up 5. mars 2005.[7]

Gina G bur no i Santa Monica i USA og har to barn.[2]

Diskografi

endre

Album

endre
Tittel Detaljar Høgaste plassering Sertifiseringar
AUS
[8]
NOR
[9]
STO
[10]
Fresh!
  • Utgjeve: 1997
  • Merke: Eternal (0630-17840-2)
  • Format: CD, Kassett
53 40 12
Get Up & Dance
  • Utgjeve: 2005
  • Label: G-Force Music
  • Format: Musikknedlasting

Remix album

endre
Tittel Detaljar
Remix Album
  • Utgjeve: Desember 1998 (Japan)
  • Merke: WEA (WPCR-2296)
  • Format: CD

Singlar

endre
År Tittel Høgaste plassering Sertifiseringar Album
AUS
[8]
CAN
Dance
FIN
[12]
TYS
[13]
IRL
[14]
NOR
[9]
SVE
[15]
STO
[10][16]
USA USA
Dance
1992 «Love the Life» (med Bass Culture) 130 BC Nation
1996 «Ooh Aah... Just a Little Bit» 5 2 6 88 6 5 6 1 12 4 Fresh!
«I Belong to You» 34 21 18 16 24 6
1997 «Fresh!» 23 83 29 6
«Ti Amo» 113 11
«Gimme Some Love» 121 8 25 46 18
«Every Time I Fall» 144 52
2004 «Just a Little Bit» (remix) Ikkje frå album
2005 «Flashback» Get Up & Dance
2006 «Tonight's the Night» 57 Ikkje frå album
2011 «Next 2 U»
"—" Indikerer at singelen ikkje kom inn på lista, eller ikkje vart gjeven ut, i det landet.

Kjelder

endre
  1. «'Ooh Aah... Just a Little Bit' | full Official Chart History | Official Charts Company». Henta 13. juni 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Gina G – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 1. desember 2017. Henta 13. juni 2017. 
  3. «Bass Culture». Discogs (på engelsk). Henta 14. juni 2017. 
  4. «UK national final 1996». natfinals.50webs.com. Henta 13. juni 2017. 
  5. «Gina G – Fresh!». Discogs (på engelsk). Henta 13. juni 2017. 
  6. 6,0 6,1 «Eurovision UK: Interview with Gina G [part 1]». Eurovision News, Polls and Information by esctoday (på engelsk). 30. juli 2013. Henta 13. juni 2017. 
  7. «UK national final 2005». natfinals.50webs.com. Henta 14. juni 2017. 
  8. 8,0 8,1 Australian (ARIA) chart peaks:
  9. 9,0 9,1 «norwegiancharts.com > Gina G in Norwegian Charts». Hung Medien. Henta 10. april 2017. 
  10. 10,0 10,1 «Official Charts > Gina G». The Official UK Charts Company. Henta 9. april 2017. 
  11. 11,0 11,1 «BPI > Certified Awards > Search results for Gina G (from bpi.co.uk)». Imgur.com (original source published by BPI). Henta 10. april 2017. 
  12. «finnishcharts.com > Gina G in Finnish Charts». Hung Medien. Henta 10. april 2017. 
  13. German chart peaks:
  14. «The Irish Charts - All there is to know». www.irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 5. january 2010. Henta 13. january 2020. 
  15. «swedishcharts.com > Gina G in Swedish Charts». Hung Medien. Henta 10. april 2017. 
  16. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 218. ISBN 1-904994-10-5. 
  17. «The ARIA Australian Top 100 Singles 1996». Imgur.com (original document published by ARIA). Arkivert frå originalen 2 November 2015. Henta 10 April 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre