Ooh Aah... Just a Little Bit
«Ooh Aah… Just a Little Bit» Song av Gina G | ||
Land | Storbritannia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 25. mars 1996 (Storbritannia) 12. november 1996 (USA) | |
Sjanger | Eurodance, pop | |
Lengd | 03:24 | |
Selskap | Eternal Records[1] | |
Låtskrivar(ar) | Simon Tauber, Steve Rodway | |
---|---|---|
Produsent | Bob Wainwright, Richard Burton |
«Ooh Aah... Just a Little Bit» ('oh-ah, bare bitte litt') er ein britisk dancelåt som vert framført av den australske songaren Gina G. Songen er skriven av dei britiske låtskrivarane Simon Tauber og Steve Rodway. Songen blei gjeven ut mars 1996 og var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 1996, der han enda på ein åttandeplass. Trass i plasseringa fekk songen stor kommersiell suksess og toppa den britiske singellisten i mai 1996.[2] Songen tok seg også inn på hitlistene i USA, Australia, New Zealand og Europa, og på norske VG-lista nådde han ein femteplass.[3]
Eurovision Song Contest
endre«Ooh Aah... Just a Little Bit» blei plukka ut til å delta i den britiske finalen i forkant av Eurovision Song Contest 1996 i Oslo. I finalen på BBC One 8. mars 1996 vann «Ooh Aah... Just a Little Bit» ein klår siger med over 113 576 telefonrøyster, nesten tre gongar som mange som andreplassen.[4] Songen blei dimed Storbritannia sitt bidrag til Eurovision Song Contest i Oslo 18. mai.
«Ooh Aah... Just a Little Bit» blei raskt ein av dei største favorittane i forkant av den internasjonale finalen, og BBC-produsent Jonathan King håpa songen ville bidra til å auke interessa for Eurovision Song Contest både i Storbritannia og ellers i Europa.[5] For å avgrense talet på deltakarland heldt Den europeiske kringkastingsunionen ei førehandskvalifisering der 29 songar skulle bli til 22. «Ooh Aah... Just a Little Bit» blei her nummer tre og sikra seg dimed ein finaleplass i Oslo.[6]
I Eurovision Song Contest 1996 var «Ooh Aah... Just a Little Bit» det andre bidraget ut på scena i Oslo Spektrum. Australske Gina G framførte songen saman med to dansarar, ein korist og to remiksarar som bidrog med vokal og synthesizer. Kringkastingsorkestret akkompagnerte under leiinga av den britiske dirigenten Ernie Dunstall.
På seg hadde Gina G ein ikonisk gullpaljettkjole, kreert av Paco Rabanne for artisten Cher. Kjolen hadde blitt hengande på kontoret til Warner Bros. Records inntil Gina G kom over han på slump like før finalen. Kjolen blei blant anna forkorta for å passe Gina G og framføringa.[7]
«Ooh Aah... Just a Little Bit» hadde eit moderne og typisk 90-tals lydbilete, med element av techno og tung pop. Trass favorittstemplet blei ikkje jurygruppene rundt om i Europa overtydde, og låten enda opp med 77 poeng og ein åttandeplass blant 23 deltakarar. Berre Portugal og Belgia gav Storbritannia 12 poeng, mens åtte land – deriblant Noreg – ikkje gav songen eit einaste poeng.[8]
Kommersiell suksess
endre«Ooh Aah... Just a Little Bit» entra den britiske singellista på ein sjetteplass 6. april 1996 og klatra til andreplass to veker seinare. Veka etter Eurovision Song Contest gjekk «Ooh Aah... Just a Little Bit» heilt til topps i Storbritannia.[2] Per 2023 er dette framleis siste gongen at ein britisk Eurovision-låt har toppa den britiske singellista.
Songen gjekk inn på singellistene over heile Europa, og uvanleg nok også i USA, der han nådde nummer 12 på Billboard Hot 100.[9] Dette gjør «Ooh Aah... Just a Little Bit» til den fjerde mest suksessrike Eurovision-låten ut i frå listeplassering i USA. Berre «Love Is Blue» («L'amour est bleu», 1968), «Waterloo» (1974) og «Eres tú» (1974) har nådd ei høgare plassering i USA.
«Ooh Aah... Just a Little Bit» blei også nominert til ein Grammy-pris i 1998 i klassen Best Dance Recording.
Listeplasseringar
endreListe | Høgaste plassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[3] | 4 |
Belgia, Flandern (Ultratop)[10] | 6 |
Danmark (IFPI)[11] | 5 |
Finland, (Suomen virallinen lista)[12] | 6 |
Irland (Irish Singles Chart) | 6 |
Island (Íslenski Listinn Topp 40)[13] | 24 |
Israel (Israelsk singelliste) | 1 |
New Zealand (Recorded Music NZ)[14] | 28 |
Noreg (VG-lista)[15] | 5 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[2] | 1 |
Sverige (Sverigetopplistan)[16] | 6 |
Tsjekkia (IFPI CR)[17] | 7 |
Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[18] | 88 |
Ungarn (Mahasz)[19] | 4 |
USA (Billboard Hot 100)[9] | 12 |
Kjelder
endre- ↑ «Gina G – Ooh Aah... Just A Little Bit». Discogs.com. Henta 13. juni 2017.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «'Ooh Aah... Just a Little Bit' | full Official Chart History | Official Charts Company». Henta 13. juni 2017.
- ↑ 3,0 3,1 «'Ooh Aah... Just a Little Bit' på australsk singelliste». ultratop.be. 13. juni 2017. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «UK national final 1996». natfinals.50webs.com. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «Ernie Dunstall». And the conductor is …. Henta 13. juni 2017. «This song, composed by Steve Rodway and Simon Tauber, was a bouncy dance tune, with which BBC producer Jonathan King hoped to revive interest for the contest domestically and rejuvenate the international competition.»
- ↑ «Eurovision Song Contest Oslo 1996». eurovision.tv. 1996. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «Eurovision UK: Interview with Gina G [part 1]». Eurovision News, Polls and Information by esctoday (på engelsk). 30. juli 2013. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «Eurovision Song Contest Oslo 1996 – scoreboard». eurovision-tv. 1996. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta 13. juni 2017.
- ↑ 9,0 9,1 «Music: Top 100 Songs | Billboard Hot 100 Chart». Billboard. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «'Ooh Aah... Just a Little Bit' på flamsk singelliste». ultratop.be. 13. juni 2017. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «Top National Sellers» (PDF). Music & Media 13 (29): 15. 20 July 1996. Henta 2 March 2018.
- ↑ «'Ooh Aah... Just a Little Bit' på finsk singelliste». ultratop.be. 13. juni 2017. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «Íslenski Listinn Topp 40 (08.06.1996 – 14.06.1996)». Dagblaðið Vísir (på islandsk). 8. juni 1996. s. 26. Henta 4. februar 2018.
- ↑ «'Ooh Aah... Just a Little Bit' på newzealandsk singelliste». ultratop.be. 13. juni 2017. Arkivert frå originalen 21. desember 2016. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «'Ooh Aah... Just a Little Bit' på VG-lista». VG Nett. 13. juni 2017. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «'Ooh Aah... Just a Little Bit' på svensk singelliste». ultratop.be. 13. juni 2017. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «Top National Sellers» (PDF). Music & Media 13 (27): 14. 6. juli 1996. Henta 2. mars 2018.
- ↑ «Suche – Offizielle Deutsche Charts (skriv 'Gina G' i søkefeltet)». www.offiziellecharts.de (på tysk). Henta 13. juni 2017.
- ↑ «Top National Sellers» (PDF). Music & Media 13 (32): 11. 10. august 1996. Henta 2. mars 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Ooh Aah… Just a Little Bit» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2023.