Gitaristen Nancy Wilson
Nancy Lamoureaux Wilson (fødd 16. mars 1954) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, produsent og filmkomponist. Ho vart kjend i lag med den eldre systera si, songaren Ann Wilson, som gitarist og korvokalist i rockebandet Heart, der ho vart medlem i 1974.
Nancy Wilson | |
![]() Wilson i september 2012 | |
Fødd | 16. mars 1954 (69 år) |
---|---|
Fødestad | San Francisco i California |
Fødenamn | Nancy Lamoureaux Wilson |
Opphav | Seattle i Washington i USA |
Aktiv | Sidan 1972 |
Sjanger | |
Instrument |
|
Stemmetype | mezzosopran |
Tilknytte artistar |
|
Verka som |
|
Gift med | Cameron Crowe |
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Ho voks opp nær Seattle i forstaden Bellevue, og byrja å spele musikk som tenåring. Medan ho gjekk på college, vart ho i lag med systera Ann medlem av Heart. Dette var det første hardrockbandet fronta av kvinner,[1] og Heart gav ut fleire album seint i 1970- og i 1980-åra, frå og med Dreamboat Annie (1975) og Little Queen (1977), som begge inneheldt hitsinglar som «Magic Man», «Crazy on You» og «Barracuda».
Wilson har blitt hylla som gitarist og i 2016 kåra Gibson ho til den åttande beste, kvinnelege gitaristen gjennom tidene.[2]
Diskografi Endra
- Live from McCabe's Guitar Shop (1999)
- Nancy Wilson – Instructional Acoustic Guitar (2007, DVD)
- Baby Guitars (2009)
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Nancy Wilson (guitarist)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Shindler, Merrill (28. juli 1977). «The Wilson Sisters Talk Heart to Heart». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 15. september 2015. Henta 27. desember 2017.
- ↑ Erickson, Anne (26. mars 2016). «Guitar Gals: The Top 10 Female Guitarists of All Time». Gibson. Arkivert frå originalen 4. august 2019. Henta 23. desember 2017.