Pave Klemens IX

(Omdirigert frå Giulio Rospigliosi)

Klemens IX (fødd Giulio Rospigliosi, 28. januar 16009. desember 1669) var pave frå 20. juni 1667 til han døydde.

Pave Klemens IX

DåpsnamnGiulio Rospigliosi
Fødd28. januar 1600
Pistoia
Død9. desember 1669
Roma

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Giulio Rospigliosi var fødd i Pistoia i Italia. Foreldra hans var Giacomo og Caterina Rospigliosi, og han tilhøyrde ei gammal lombardisk slekt. To av nevøane hans, Giacomo Rospigliosi og Felice Rospigliosi, blei kardinalar, og dei seinare kardinalane Bandino Panciatici og Antonio Banchiere var av same slekt.

Rospigliosi studerte i Roma og Pisa, og tok doktorgrader i teologi, filosofi og utroque iure, det vil seia både sivil- og kyrkjerett.[1] Frå 1623 til 1625 var han professor i filosofi i Pisa. Deretter byrja han å arbeida ved Den romerske kurien, og fekk ei rekkje embete. Han skreiv også poesi og melodrama som blei nokså godt mottekne i Roma.[1]

Prest og biskop

endre

I 1644 blei han bispevigd av kardinal Antonio Barberini og utnemnd til titularerkebiskop av Tarsus.[1] Fram til 1653 var han nuntius til Spania. Under sedesvakansen frå januar til april 1655 var han guvernør for kardinalkollegiet.[1]

Kardinal

endre

Rospigliosi blei sjølv kreert til kardinalprest ved konsistoriet april 1657, to år etter at Aleksander VII hadde utnemnd han til kardinalstatssekretær.[1]

Han deltok ved konklavet 1667, der han sjølv blei vald til pave den 20. juni. Den 26 april blei han krona i Peterskyrkja av kardinal Rinaldo d'Este.[1]

Klemens IX døydde i Roma 9 desember 1669 og blei gravlagd i Santa Maria Maggiore.[1]

Kjelder

endre