Opna hovudmenyen

Giv'at Ze'ev (hebraisk גבעת זאב, er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda, fem kilometer nordvest for Jerusalem. Busetjinga vart grunnlagt i 1982. Folketalet er over 14 000.(2013) Giv'at Ze'ev vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda svingar utom Giv'at Ze'ev, og skil dermed busetjinga frå resten av Vestbreidda.

Giv'at Ze'ev
גִבְעַת זְאֵב, چفعت زئيف, Givat Zeev
lokal kommune
GivatZeev6854.jpg
Utsyn frå dalen
Namneopphav: Zeevhøgda (eller Ulvehøgda)
Land Blank flag.svg Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°51′51″N 35°10′11″E
Areal 4,841 km²
Folketal 14 726 (2012)
Folketettleik 3 042 / km²
Grunnlagd 1982
Borgarmeister Yossi Avrahami
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Givat Ze'ev
Nettstad: http://www.givat-zeev.muni.il/

9. mars 2008 gav den israelske statsministeren Ehud Olmert løyve til bygging av 750 nye bustader i Giv'at Ze'ev, i strid med den dåverande politikken om å frysa ny bygging i eksisterande busetjingar. Olmert argumenterte med at løyvet opphavleg var gitt i 1999, men at bygginga berre hadde vore sett på vent grunna den andre intifadaen i 2000. Bygginga vart kritiserte av dei palestinske sjølvstyresmaktene, USA og EU.[1]

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra