Giv'on HaHadashah (hebraisk skrift גִּבְעוֹן הַחֲדָשָׁה, tyder Ny-Gibeon) er ei israelsk busetjing nordvest for Jerusalem på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær bydelen Ramot i Jerusalem og like ved Giv'at Ze'ev. Denne fellesbusetnaden er underlagt Matte Binyamin regionale kommune. Han er kalla opp etter den bibelske Giv'on (Josva 10:10+12), som låg i nærleiken.[2] Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]

Giv'on HaHadasha
גִּבְעוֹן הַחֲדָשָׁה
landsby
Namneopphav: Ny-Gibeon
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Koordinatar 31°50′55.48″N 35°9′27.33″E / 31.8487444°N 35.1575917°E / 31.8487444; 35.1575917
Areal 0,755 km²
Folketal 1 021 (2021)[1]
Grunnlagd 1895 (original)
1977 (moderne)
 - Grunnlagd av Immigrantar frå Jemen
Kart
Giv'on HaHadasha
31°50′55″N 35°09′27″E / 31.848744444444°N 35.157591666667°E / 31.848744444444; 35.157591666667
Wikimedia Commons: Giv'on HaHadasha

Historie endre

Busetnaden vart opphavleg grunnlagd i 1895 av jemenittiske jødar, men dei flytta derifrå etter nokre år. Han vart busett på ny i 1924, men innbyggjarane flykta under Palestinaopprøra i 1929. Han vart busett nok ein gong i 1977 av medlemmar av Gush Emunim, og tok etter kvart i mot mange jødiske immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen, i tillegg til mange innfødde israelarar.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
  2. Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.15, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)
  3. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.