Gjendebu
61°27′4.9″N 8°29′18.3″E / 61.451361°N 8.488417°E
Gjendebu er ei turisthytte i Lom kommune i Innlandet. Hytta ligg ved vestenden av Gjende i Jotunheimen, 990 moh, og er eigd og driven av Den Norske Turistforening (DNT). Hytta er betent i påska og i sesongen frå midten av juni til midten av september, med 119 sengeplassar tilgjengelege. Utanom sesongen har Gjendebu ei sjølvbeteningsavdeling med 34 senger.
Gjendebu er den eldste hytta til Den Norske Turistforening. Hytta var opphavleg ei lomseter som vart teken over i 1870 av DNT. Byggverket vart reist i 1871, og har sidan då vore utvida og ombygd fleire gonger.
Kjelder
endre- «Gjendebu» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2013-09-16 ved Wayback Machine.
- UT.no om Gjendebu