Gjensidig forståing
Gjensidig forståing er ein slik nærleik mellom to eller fleire språk eller dialektar at talarane av dei kan forstå einannan utan å anstrengje seg eller få ytterlegare opplæring.[1] Den gjensidige forståinga kan vere asymmetrisk når brukarar av det eine språket kan forstå brukarar av det andre lettare enn omvendt.[2] Saman med ei rekkje sosiolingvistiske faktorar er den gjensidige forståinga eit av kriteria som tillèt å skilje mellom eit språk og ein dialekt.[3] Ho kan vere avgrensa til skriftspråket som i portugisisk og spansk – sjølv om skriftlege standardmålformer av desse to språka er veldig like, møter munnleg komunikasjon vanskar på grunn av forskjellige fonetiske system.[4] Indre utviklingar i laupet av språkhistoria kan òg hindre ho som i dansk og svensk, som tillét mykje høgare grad av gjensidig forståing i mellomalderen i forhold til situasjonen i dag.[5] Den gjensidige forståinga opptrer mellom mange språk i verda og er ofte knytt til eit dialektkontinuum mellom dei.
Døme på gjensidig forståelege språk
endre- afrikaans og nederlandsk — delvis og asymmetrisk (lettare for nederlandsktalande å forstå afrikaans enn omvendt[1]
- dansk, norsk og svensk - asymmetrisk og hovudsakleg i skrift[1]
- slovakisk, tsjekkisk og polsk – fyrste to i veldig stor grad med einannan, med polsk delvis (avgrensa til grunnleggjande konsept)[6]
- tyrkisk, aserbajdsjansk, krimtatarsk og gagausisk — asymmetrisk[7]
- tysk og jiddisk – berre i tale på grunn av bruk av forskjellige skriftsystem.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Gooskens, Ch. (2007). «The Contribution of Linguistic Factors to the Intelligibility of Closely Related Languages». Journal of Multilingual and Multicultural Development 6 (28): 445-467.
- ↑ Tang, C.; van Heuven, V.J. (2009). «Mutual intelligibility of Chinese dialect experimentally tested». Lingua 119: 709-732.
- ↑ Gasser, M. (2009). «How Language Works: The Cognitive Science of Linguistics». Indiana University. Henta 11. juni 2014.
- ↑ Jensen, J.B. (1989). «On the Mutual Intelligibility of Spanish and Portuguese». Hispania 72 (4): 848-852.
- ↑ «Norden this week - Monday 01.17.2005». Nordiska rådet. 2005. Henta 11. juni 2014.
- ↑ Lindsay, R. «Mutual Intelligibility of Languages in the Slavic Family». Akademia.edu. Henta 11. juni 2014.
- ↑ «Language Materials Project: Turkish». UCLA International Institute, Center for World Languages. 2007. Henta 11. juni 2014.