Gjerstad kyrkje på Osterøy

Gjerstad kyrkje står på Gjerstad i Osterøy kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1870.

Gjerstad kyrkje
kyrkje

Foto: Sven Harkestad

Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Osterøy
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Åsane
Sokn Gjerstad
Fellesråd Osterøy
Type Langkyrkje
Arkitekt Ole Vangberg[1]
Material Tre
Innvigd 1871[1]
 - Endringar 1956-57
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 420[2]
Kart
Gjerstad kyrkje på Osterøy
60°30′00″N 5°32′51″E / 60.5°N 5.5474°E / 60.5; 5.5474
Wikimedia Commons: Gjerstad kirke, Osterøy

Byggmeister for kyrkja var Ole Vangberg. Han baserte teikningane på grannekyrkja Bruvik kyrkje som han òg hadde vore byggmeister for. Teikningane til Bruvik kyrkje var i sin tur baserte på dei laga av Frederik Hannibal Stockfleth til Fusa kyrkje.

Gjerstad kyrkje på Osterøy is located in Hordaland
Plasseringa til Gjerstad kyrkje

Det har vore kyrkje på Gjerstad sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Gjerstad-kyrkja nemnd i kjeldne er 1329. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje som vart avløyst av ei lafta kyrkje i 1622. 1600-talskyrkja stod til den noverande kyrkja skulle byggjast.

Gjerstad kyrkje er soknekyrkje i Gjerstad sokn i Åsane prosti. Soknet har tidlegare høyrd til Haus prestegjeld og fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 Osterøy prestegjeld.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 «Norges Kirker: «Gjerstad kirke»». Henta 9. april 2014.  På nettstaden til NIKU og KA
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Gjerstad kyrkje», s. 369

Bakgrunnsstoff endre