Gjeruld Rasmusson Hunsdal
Gjeruld Rasmusson Hunsdal (21. desember 1793–1. november 1866) var ein norsk underoffiser, gardbrukar og stortingsmann frå Landvik i Aust-Agder.
Gjeruld Rasmusson Hunsdal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. desember 1793 Landvik kommune |
Død |
1. november 1866 (72 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Hunsdal var son av ein gardbrukar i Landvik. Frå 1814 til -20 var han underoffiser. Sidan var han gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av heradsstyret frå det kom i gjenge i 1838 til 1863, nokre år var han ordførar. Elles var han forlikskommissær og mellom 1829 og 1859 var han valmann ni gongar. Han var 2. representant frå Nedenes og Robygdelagets amt på Stortinget i 1833, medlem av næringskomiteen. I 1830 var han 1. varamann og 1842 2. varamann til Stortinget.
Han døydde på garden sin i i Landvik i 1866.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Gjeruld Rasmusson Hunsdal NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv