Opna hovudmenyen
Tidlegare Landvik kommune

Landvik er ein tidlegare kommune i Aust-Agder fylke. Landvik formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837 og var eigen kommune fram til 1970.

1. januar 1883 vart kommunegrensene justerte, då ein del av Birkenes kommune vart overført til Landvik.

Ei ny justering av kommunegrensene fann stad 1. januar 1962 då Eide (undanteke Gitmarkgardane) vart lagt til Landvik. Gitmarkgardane i Eide vart overførte til Lillesand kommune.

1. januar 1971 vart landkommunane Landvik og Fjære samanslegne med Grimstad til dagens Grimstad kommune.