Glasvegas er ei skotsk indierockgruppe frå Glasgow. Gruppa er ihopsett av James Allan (vokal), Rab Allan (gitar), Paul Donoghue (bassgitar) og Jonna Löfgren (trommer). Debutalbumet deira, Glasvegas, vart utgjeve i september 2008 og fekk gode kritikkar og nådde andreplass på salslistene i Storbritannia.[1] Det var nominert til Mercury Music Prize i september 2009. Albumet hadde vidare suksess i Nord-Amerika og Sverige. 1. desember 2008, mindre enn tre månader etter utgjevinga av debutalbumet, gav gruppa ut EP-en A Snowflake Fell (And It Felt Like A Kiss), eit julealbum med seks spor som var spelt inn i Transylvania.

Glasvegas

OpphavGlasgow, Skottland
Aktiv2003 til i dag
SjangerIndierock
PlateselskapBMG, Columbia
MedlemmerJames Allan
Rab Allan
Paul Donoghue
Jonna Löfgren

4. april 2011 gav gruppa ut det andre albumet deira, Euphoric /// Heartbreak \\\, som var spelt inn i Santa Monica. Albumet nådde 10. plass i Storbritannia og 1. plass i Sverige. Det fekk blanda mottaking og presterte ikkje like bra som debutalbumet. Nokre månader seinare skilte gruppa lag frå plateselskapet Columbia, som er eigd av Sony Music.[2]

I juni 2013 annonserte gruppa at dei hadde signert ein avtale med BMG. Gruppa gav september same året ut deira tredje album, Later...When the TV Turns to Static. Det fekk for det meste gode kritikkar, men selde mindre enn dei førre albuma.

Diskografi endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre