Glen Nevis (skotsk gælisk Gleann Nibheis) er ein dal, eller glen, i Lochaber i Highland i Skottland Byen Fort William ligg i eine enden. Dalen har Mamore-fjella i sør og dei høgaste fjella i Dei britiske øyane i nord: Ben Nevis, Càrn Mor Dearg, Aonach Mòr og Aonach Beag. Her finst også ein av dei tre høgaste fossane i Skottland, Steall Falls, der Allt Coire a'Mhail renn ut i den øvre delen av Nevis-elva, Water of Nevis. Under fossen er det eit imponerande gjel. Glen Nevis er del av Ben Nevis and Glen Coe National Scenic Area,[1] ein type skotsk verneområde.[2]

Glen Nevis
dal
Land  Skottland
Kart
Glen Nevis
56°46′14″N 5°02′08″W / 56.770555555556°N 5.0355555555556°W / 56.770555555556; -5.0355555555556
Wikimedia Commons: Glen Nevis
Steall Falls

Ferdsel endre

Det går ein veg opp dalen som er 10 km lang. 7 km inne blir han ein einfeltsveg. Det ligg eit hotell, eit ungdomsherberge frå Scottish Youth Hostels Association og ein campingleir ved botnen av dalen, i nærleiken av Fort William, og ei lita bygd høgare oppe ved Achriabhach.

Frå parkeringsplassen ved enden av Glen Nevis-vegen fortset ein sti opp gjennom eit gjel. Etter eit bratt stykke opp får ein utsyn og stien går vidare til den fredelege øvre delen av dalen. Det går ei vaierbru over elva ved botnen av fossen. Brua var stengd i tre månader i 2010 då ein av vaierane brast.[3]

Stien er blitt utbetra med jamne mellomrom for å gjera tilkomsten lettare og redusera erosjon forårsaka av mange vitjande, men han er framleis krevane fleire stader, og kan vera farefull. Der har vore fleire ulukker i Glen Nevis, mellom anna ei der ein ung turgåar døydde i august 2006.[4]

Ein har filma fleire filmscenar i Glen Nevis, mellom anna scenar til Harry Potter-filmane,[5] Highlander, Highlander III: The Sorcerer, Braveheart og Rob Roy.

Det er blitt halde eit løp på 2 mile (3 km) ned Nevis-elva fleire somrar sidan 1973. Deltakarar bruker flytehjelp som flytemadrassar til å koma seg ned elva. Løpet kan ta mellom 20 minutt og 2 timar avhengig av vasstyrken i elva. Etter eit opphald på fleire år blei løpet halde årleg att frå 2008.[6]

 
Utsyn over Glen Nevis frå Ben Nevis

Kjelder endre

  1. «Map: Ben Nevis and Glen Coe National Scenic Area» (PDF). Scottish Natural Heritage. December 2010. Arkivert frå originalen (PDF) 18. januar 2018. Henta 14. februar 2018. 
  2. «National Scenic Areas». Scottish Natural Heritage. Henta 17. januar 2018. 
  3. John McHale (24 August 2010). «Steall Bridge Reopens to Walkers». Grough. Henta 25 October 2010. 
  4. «Girl dies after fall on mountain». BBC News. 16 August 2006. Henta 7 February 2008. 
  5. C.D. Miller (2012). «23». Harry Potter Places Book Five—Scotland. First Edition Design Pub. s. 209. ISBN 978-1622872244. Henta 3 November 2013. 
  6. «Glen Nevis River Race». No Fuss Events. Arkivert frå originalen 17 October 2013. Henta 5 November 2013.