Glenn Solberg (fødd 18. februar 1972) er ein norsk handballtrenar og tidlegare spelar frå Drammen. Han er sidan 2020 landslagssjef for Sveriges mannlege handballag.

Glenn Solberg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. februar 1972 (52 år)
Drammen kommune
Idrett handball
Glenn Solberg i 2023.

Spelar

endre

Solberg var spelstyrar då Drammen HK i 1996 vann EHF-cupen. Sidan var han med å sikre Drammens-laget fire seriemeistertitlar, den siste i 2010. Han var også med då Drammen HK vann NM-finalen 2008. Inn i mellom vann han den spanske seriemeisterskapen 2003 og EHF-europserien for FC Barcelona, samt den nasjonale cupmeisterskapen 2004 for same klubben. I 2005 vart han tysk pokalmeister med Flensburg-Handewitt.

Solberg deltok 1994-2008 i 122 av Noregs landskampar, skåra 250 mål.

Trenar

endre

Solberg leia Sverige til sølvplass i VM 2021, triumf i EM 2022 og bronse ved EM 2024.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Glenn Solberg
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.