61°43′49.980″N 10°49′54.599″E / 61.73055000°N 10.83183306°E / 61.73055000; 10.83183306

Glopheim kafé
Foto: Mahlum

Glopheim kafé er ein kafé på Atna i Stor-Elvdal kommune. Sjølve huset stod ferdig i 1947, men fekk eit tilbygg i 1953. Begge delane av huset er oppført i funksjonalistisk stil. I år 2000 vart kafeen lagd ned etter førti år med drift, men han fekk nye eigarar som restaurerte det opphavlege interiøret og gjenskapte 50-talsstilen med jukeboks, respatex og negerdame på disken. Kafeen har ikkje biljardbord, men serverer det lokale Atna-ølet. Bygget er nå freda av Riksantikvaren. Glopheim kafé er tildelt Olavsrosa av Norsk Kulturarv.

Mange av eldsjelene som stod bak gjenopninga av Glopheim kafé, var òg med og starta Atna Bryggeri.

Bakgrunnsstoff endre