Stearin

kjemisk sambinding
(Omdirigert frå Glyseryltristearat)

Stearin (eller tristearin) er eit lukt- og smakfritt feittstoff som er fast ved romtemperatur.[1] Det er ein glyserolester av stearinsyre og har formel (C17H35COO)3C3H5. Smeltepunktet er 72 °C.

Den kjemiske strukturen til stearin.

Ordet «stearin» kjem frå gresk stear som tyder «talg». Stearin er ein av dei viktigaste delane av fleire feittypar frå plantar og dyr, som talg og kakaofeitt.[1]

Ein kan framstilla stearin ved katalytisk hydrogenering av oljer, eller av stearinsyre og glyserol med aluminiumoksid (Al2O3) til stades.[1]

Stearin var tidlegare den vanlegaste komponenten i levande lys. Lys av rein stearin blir for sprøe, derfor blir moderne stearinlys som regel også tilsette fast parafin (parafinvoks). Lys av berre parafin blei for blaute.[2] Stearin kan også brukast som feittkomponent i såpe.

Feittstoffet er framstilt frå levande organismar, for eksempel oljehaldige planteslag som palme, eller som eit biprodukt i kjøtproduksjon. Jo meir feitt det er i stearinen, desto fastare er konsistensen ved romtemperatur.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Stearin: kjemi» (15. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 15. juli 2015.
  2. «Stearin: teknikk» (15. februar 2009) Store norske leksikon. Fri artikkel henta 15. juli 2015.