Korab (makedonsk Голем Кораб, Golem Korab; albansk Korabi) er det høgaste fjellet i Nord-Makedonia og Albania, og fjelltoppen dannar grensa mellom desse to landa. Korab ligg ved sida av fjellet Šar.

Korab
fjell
Fjellkjeda Korab
Land  Albania,  Nord-Makedonia
Høgd 2 764 moh.
Koordinatar 41°47′N 20°32′E / 41.783°N 20.533°E / 41.783; 20.533
Kart
Korab
41°47′25″N 20°32′48″E / 41.790277777778°N 20.546666666667°E / 41.790277777778; 20.546666666667
Wikimedia Commons: Korab
Landskap frå Korab

Fjellet har fleire toppar som strekkjer seg over 2000 meter. Dei viktigaste er:

  • Golem Korab (makedonsk Голем Кораб (Golem Korab) eller Кобилино Поле (Kobilino Pole)); høgd over havet 2 753 m (gamle data) eller 2 764 m (nyare data).
  • Kepi Bar (2 595 m)
  • Mala Korapska Vrata (2 425 m; eldre data)
  • Kabash (2 395 m)
  • Ciganski Premin (2 295 m)
  • Plocha (2 235 m)
  • Visoka Karpa (2 090 m).

Innimellom toppane kan ein finne store fjellblokker som strekkjer seg ned mot dalen der elva Radika renn på den nordmakedonske sida. Desse blokkene kan stundom ha bratte skråningar på over 500 m. Særleg utprega er dette i det alpine Kabash-området, der ein finn fleire svært bratte og utilgjengelege toppar. I dei høgaste områda, over 2 000 m, er klimaet alpint og har mellom anne spor av alpin flora.

Grensa mellom landa deler den høgaste toppen, Golem Korab.

Under den makedonske konflikten i 2001, heldt det ein front til i Korab, og det er framleis eit området med landminer rundt fjellet. Ein kan vitje fjellet frå den nordmakedonske sida etter kompliserte byråkratiske prosedyrar, i følgje med militæreskorte.

Den beste måten å klatre Golem Korab på er å knyte seg til ein internasjonal klatreekspedisjon som har ein årleg tur i byrjinga av september. Ekspedisjonen er organisert av klatreklubben PSD «Korab» - Skopje.

Bakgrunnsstoff endre