Radika (makedonsk og serbisk Радика, albansk Radikes) er ei elv sør i Serbia (Kosovo) og vest i Nord-Makedonia. Ho har ei lengd på 70 km og er ei sideelv til Svarte Drin.

Radika
elv
Land  Kosovo,  Nord-Makedonia
Nedslagsfelt 665 km²
Lengd 70 km
Kjelde Vratsa i Kosovo
Munning Svarte Drin sør for Debar i Nord-Makedonia
Kart
Radika
41°29′38″N 20°30′54″E / 41.494°N 20.515°E / 41.494; 20.515
Wikimedia Commons: Radika

Sjølve Radika er berre 52 km lang, men målt frå den fjernaste kjelda i nedslagsfeltet, som er elva Crni Kamen er ho 70 km lang.

Crni Kamen (Црни Камен; «Svart stein») har kjelda si på nordsida av fjellet Vratsa i Šar Planina nedanfor toppen Golema Vratsa (2 582 moh). Crni Kamen renn vestover før ho brått snur sørover og munnar ut i grenseelva Ćafa Kadis.

Ćafa Kadis har kjelda si på sørsida av Vratsa og renn vestover og dannar i fleire kilometer grensa mellom Kosovo og Nord-Makedonia. Etter at ho mottar Crni Kamen frå høgre og ei anna elv frå Kosovo renn ho innover i Nord-Makedonia og får frå dette punktet namnet Radika.

Radika munnar ut i Svarte Drin (Crni Drim) like sør for Debar. Svarte Drin renn vidare mot Adriahavet gjennom Albania. Radika har eit nedslagsfelt på 665 km² og kan ikkje nyttast til elvefart.

Kjelder endre