Good as I Been to You

Good as I Been to You
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 3. november 1992
Innspelt Midten av 1992
Sjanger Folk, blues
Lengd 55:31
Selskap Columbia
Produsent Debbie Gold
Bob Dylan-kronologi 
Under the Red Sky
(1990)
Good as I Been to You The 30th Anniversary Concert Celebration
(1993)


Good as I Been to You er det 28. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records, den 3. november 1992.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Robert ChristgauB+[2]
MusicHound2/5 stars[3]
Rolling Stone(positiv)[4]

Det består berre av tradisjonelle folkesongar og coverversjonar, og er det første heilakustiske albumet til Dylan sidan Another Side of Bob Dylan i 1964. Det var òg den første plata hans som ikkje hadde nokre originale songar sidan Dylan i 1973.

Albumet nådde 51. plassen i USA, 18. plassen i Storbritannia og 11. plassen i Noreg. Albumet fekk noko betre kritikk enn det skuffande Under the Red Sky.

Innspelinga endre

Etter Never Ending-turneen i juni 1988 var tradisjonelle songar blitt spelte på nesten kvar konsert, ofte som ein del av ein akustisk del av konsertane. Etter innspelinga av Under the Red Sky i 1990 gav ikkje Dylan ut ein original song før 1997, og i løpet av den tida føydde han stadig til «nye» coverversjonar. Dylan kalla desse songane «musikken som er ekte for meg.»

I følgje venen til Dylan, Susan Ross, oppstod Good as I Been to You som eit album meint å oppfylle platekontrakten hans. Dylan leigde studiotid for to veker i Acme Recording Studio i Chicago ein gong i 1992, og henta inn David Bromberg. Det vart spelt inn nok songar til å fylle eit heilt album og Dylan vart akkompagnert av eit fullt band. Bromberg skulle mikse lata, medan Dylan sjølv heldt 11 konsertar i Europa. Då han kom attende til Malibu i midten av juli valde Dylan å spele inn nokre solosongar heime i garasjen sin. Meininga var å bruke eit par av desse mellom Bromberg-innspelingane, men etter kvart som garasjeinnspelinga drog ut, endra planane seg og Bromberg-innspelingane vart fjerna frå albumet.

Ein song som vart spelt inn for albumet var «You Belong to Me». Denne vart to år seinare nytta i Oliver Stone-filmen Natural Born Killers i 1994.

Mottaking endre

Kritikken av Good as I Been to You var stort sett positive. Røysta til Dylan fekk ein del merksemd. Ho vart rekna som fysisk herja, men fokuset var ofte på frasering. «Dylan høyrest no, samanlikna med den yngre versjonen av han sjølv, som eit av desse spøkjelsa», skreiv David Sexton frå The Sunday Telegraph, «men eit mektig spøkjelse. Effekten er ikkje så mykje nostalgi som djupt innovervendt.»

Good as I Been to You vart ein stor nok suksess til at Dylan mindre enn eitt å etter gav ut World Gone Wrong.

Innhald endre

Alle songane er tradisjonelle og arrangert av Dylan, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Frankie & Albert» (arrangert av Mississippi John Hurt)03:50
2.«Jim Jones» (arrangert av Mick Slocum)03:52
3.«Blackjack Davey»05:47
4.«Canadee-i-o»04:20
5.«Sittin' on Top of the World»04:27
6.«Little Maggie»02:52
7.«Hard Times» (Stephen Foster, arrangert av De Dannan)04:31
8.«Step It Up and Go»02:54
9.«Tomorrow Night» (Sam Coslow & Will Grosz)03:42
10.«Arthur McBride» (arrangert av Paul Brady)06:20
11.«You're Gonna Quit Me»02:46
12.«Diamond Joe»03:14
13.«Froggie Went A-Courtin'»06:26

Medverkande endre

Teknisk

Kjelder endre

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Good as I Been to YouAllmusic
  2. Robert Christgau review
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. Wild, David (7. januar 1993). «Bob Dylan: Good As I Been To You : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 1. oktober 2007. Henta 9. desember 2018.