Under the Red Sky

studioalbum av Bob Dylan
Under the Red Sky
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 10. september 1990
Innspelt Januar, mars til mai 1990
Sjanger Rock
Lengd 35:21
Selskap Columbia
Produsent «Jack Frost» (Bob Dylan), Don Was og David Was
Bob Dylan-kronologi 
Oh Mercy
(1989)
Under the Red Sky The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991
(1991)


Under the Red Sky er det 27. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records den 10. september 1990.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Robert Christgau(A−)[2]
Entertainment WeeklyC[3]
MusicHound0.5/5 stars[4]
Rolling Stone2/5 stars[5]

Albumet vart teken imot som ein rar og skuffande oppfølgjar til det kritikarroste Oh Mercy frå 1989. Det meste av kritikken var retta mot det glatte lydbiletet til popprodusenten Don Was, samt eit par av songar som verka å vere basert på barneregler. Fleire kjende musikarar speler på albumet, mellom andre Slash, Elton John, George Harrison, David Crosby, Stevie Ray Vaughan og Bruce Hornsby.

Albumet er dedisert til «Gabby Goo Goo», som Dylan seinare forklarte var kallenamnet på den då fire år gamle dottera hans. Ein trur derfor at dei meir barneliknande songane på albumet var laga for henne, noko Dylan verken har stadfesta eller nekta på.

Mottaking endre

Albumet selde ikkje spesielt bra og nådde 38. plassen i USA og 13. plassen i Storbritannia. I Noreg nådde albumet fjerdeplassen.

Dylan har sjølv sagt seg samd i kritikarane og sa i eit intervju med Rolling Stone i 2006 at manglane kom frå ei hastig og ufokusert innspeling, som dels kom av at han vart oppteken med Traveling Wilburys på den tida. Han meinte òg det var for mange folk som deltok på albumet, og at han på den tida var desillusjonert med plateindustrien.

Dylan-kritikaren Patrick Humphries, forfattar av The Complete Guide to the Music of Bob Dylan, var særleg hard i kritikken av Under the Red Sky og sa at albumet var «alt Oh Mercy ikkje var - slurvete skrivne songar, late framføringar og fantasilaust produsert. Det første mellomspelet på «2 X 2» («How much poison did they inhale?») minna om trugselen som gjennomsyra Oh Mercy, men elles, der det før hadde vore tryggleik og bestemtheit, var det her forvirring og ubestemtheit.»[6]

Humphries spara det hardaste åtaket til opningssongen «Wiggle Wiggle»: «Så er det 'Wiggle Wiggle': verre enn noko Dylan nokon gong har spelt inn? Kanskje ikkje så gale, men likevel der oppe, der han pressar seg til ein plass ein stad i helvete, der jukeboksane ikkje spelar noko anna enn «Joey» (frå Desire) og «Had a Dream About You, Baby» (frå Down in the Groove). «Wiggle Wiggle» var den kritikarane gjekk til åtak på, særleg linja «Wiggle wiggle wiggle like a bowl of soup», som vart rekna som bevis på at Dylan hadde mista grepet, definitivt, permanent, ugjenkalleleg. Det er hardt å vere usamd - det er hardt å forsone seg med ei slik linje frå mannen som skreiv «Desolation Row» (frå Highway 61 Revisited). Ein kan sjølvsagt ikkje få Hamlet eller «Like a Rolling Stone» kvar gong, men «Wiggle Wiggle»?»[6]

Albumet fekk noko støtte, særleg frå Robert Christgau frå The Village Voice som skreiv: «Til mi overrasking syns eg Under the Red Sky er det beste albumet til Dylan på 15 år, ei plate som til og med kan signalisere eit latterleg seint, men ikkje totalt meiningslaus comeback.» Og Paul Nelson som skreiv for Musician kalla albumet «eit medvite bruk-og-kast-meisterverk». Då Voice puliserte kritikarrlista si Pazz & Jop for 1990, hamna Under the Red Sky på 39. plassen.

I 2005 sette magasinet Q «Wiggle Wiggle» på ei liste over «Ti fryktelege songar av store artistar». Time Magazine sette «Wiggle Wiggle» på ei liste over dei ti verste Dylan-songane, og skreiv at «han høyrest ut som kjenningsmelodien til eit av desse TV-programma som vert elska av småbarn og dopmisbrukarar».[7] Songen vart spelt i 2014 på hyllestalbumet Bob Dylan in the 80s: Volume One av Slash og Aaron Freeman.[8]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Nr.TittelLengd
1.«Wiggle Wiggle»2:09
2.«Under the Red Sky»4:09
3.«Unbelievable»4:06
4.«Born in Time»3:39
5.«T.V. Talkin' Song»3:02
6.«10,000 Men»4:21
7.«2 × 2»3:36
8.«God Knows»3:02
9.«Handy Dandy»4:03
10.«Cat's in the Well»3:21

Medverkande endre

Andre medverkande endre

Produsjon endre

  • Dan Bosworth – assisterande lydteknikar
  • Marsha Burns – produksjonkoordinator
  • Ed Cherney – lydteknikar, miksing

  • Steve Deutsch – assisterande lydteknikar
  • Judy Kirshner – assisterande lydteknikar

  • Jim Mitchell – assisterande lydteknikar
  • Brett Swain – assisterande lydteknikar

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[9] none 20 000 [10]*
Sveits(IFPI Switzerland)[11] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[12] Sølv 60 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Under the Red SkyAllmusic
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Artist 169». robertchristgau.com. Henta 8. desember 2018. 
  3. Entertainment Weekly review
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. Evans, Paul (4. oktober 1990). «Rolling Stone : Bob Dylan: Under The Red Sky : Music Reviews». web.archive.org. Arkivert frå originalen 29. juni 2007. Henta 8. desember 2018. 
  6. 6,0 6,1 Humphries, Patrick (1995). The Complete Guide to the Music of Bob Dylan. London, England: Omnibus Press. s. 125–127. ISBN 0-7119-4868-2. 
  7. «The 10 Worst Bob Dylan Songs». Time. 23. mai 2011. 
  8. Widespread Panic, Marco Benevento, Slash, Tea Leaf Green, Deer Tick, Gene Ween, Craig Finn, Built to Spill and Members of My Morning Jacket Confirmed for 80s Dylan
  9. «French album salstrofé – Bob Dylan – Under the Red Sky» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  10. http://infodisc.fr/Ventes_Albums_Tout_Temps.php?debut=10400
  11. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Bob Dylan; 'Under the Red Sky')». Hung Medien. 
  12. «British album salstrofé – Bob Dylan – Under the Red Sky». British Phonographic Industry.  Enter Under the Red Sky in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go