Opna hovudmenyen
Russisk postkort illustrert med ei folkevise (Возле речки, возле мосту (Vozle retsjki, vozle mostu, 'Nær elva, nær brua')

Folkevise (av tysk Volkslied) er ein song som lever eller har levd på folkemunne, eller som er skriven for dette. Omgrepet som vart lansert av filosofen og litteraturkritikaren Johann Gottfried Herder i 1770. Etter Herder sitt syn var ikkje poesi først og fremst knytt til den klassiske, litterære tradisjonen, men noko som fanst i «øyre og hjarte». Termen folkevise representerte eit paradigmeskifte i synet på poesi. Omgrepet gav i sin tur opphav til ord som folkemusikk, folkekultur, folkedikting osb.

Omgrepet folkevise har vore brukt på ulike måtar:

  1. Opphavleg vart «folkevise» nytta om songar som gav uttrykk for det nasjonale særpreget og for folkelynnet (folkesjela, Volksgeist). Diktarar kunne som folkets utvalde òg lage nye folkeviser. I den eldste, prenta norske folkeviseboka, Samling af Sange, Folkeviser og Stev i Norske Almuedialekter frå 1840, er omgrepet brukt på denne måten, og songar av både Hans Hanson, Hans Allum og Edvard Storm er tatt med.
  2. Rundt 1840 var omgrepet i ferd med å få nytt innhald. Heretter blei ordet brukt om anonyme songar, som var blitt overleverte i munnleg tradisjon. Dermed vart det mogeleg å dra ein grense mellom dei anonyme folkevisene og litterære viser med kjend opphav. Etter kvart blei likevel omgrepet folkevise i praksis berre brukt om den visegruppa vi no kallar balladar eller mellomalderballadar. I Danmark nyttar ein omgrepet slik enno.
  3. Kring 1970 var det ein del forskarar som meinte at kravet om anonymt opphav skapte ein kunstig grense. Om forfattaren eller komponisten er kjend eller ei, spelar mindre rolle for den einskilde songaren. Den store forskjellen går mellom viser som har fått popularitet og har blitt munnleg tradert og dei songane som berre har eksistert på papir eller gjennom hermetiske innspelingar. Desse forskarane nytta omgrepet på alle viser som hadde blitt tradert munnleg. Kjenneteiknet på munnleg tradisjon er at songane finst i fleire variantar.
  4. I songbøker og ved fonogram er det vanleg å nytte folkevise copyrightteknisk om gamle songar ein ikkje kjenner opphavet til.
  5. I nyare tid har folkeminnegranskarar og nytta omgrepet folkesong om songaktivitetar. I dette dømet er det tenkt på song versus profesjonell song, og som ikkje retter seg mot publikum, men som vert songen for eigen skyld. Slik song vert også kalla allmennsong.

BakgrunnsstoffEndra