Gordon Bajnai
ungarsk politikar
György Gordon Bajnai (fødd 5. mars 1968) er ein ungarsk politikar og var statsminister i Ungarn frå 14. april 2009 til 29. mai 2010. Han vart fødd i Szeged. Bajnai studerte internasjonal politikk i Budapest.
Gordon Bajnai | |||
| |||
Fødd | 5. mars 1968 (56 år) Szeged | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Ungarn | ||
Yrke | politikar, samfunnsøkonom, gründer, minister | ||
Utdanna ved | Corvinus-universitetet i Budapest | ||
Verv | Statsminister i Ungarn 2009-2010 | ||
Føregangar | Ferenc Gyurcsany | ||
Etterfylgjar | Viktor Orbán | ||
Alle verv |
Gordon Bajnai vart statsminister i Ungarn 14. april 2009 etter at den sitjande statsministeren, Ferenc Gyurcsany gjekk av. Bajnai kjem frå det same partiet som Gyurcsany, Det ungarske sosialistpartiet (Magyar Szocialista Párt) og førte vidare den same partikoalisjonen som Gyurcsany leia. Etter sosialistpartiet sitt massive valnederlag i 2010 gjekk han av som statsminister.