Viktor Orbán (fødd 31. mai 1963) er ein ungarsk politikar for Fidesz. Han var statsmininister i Ungarn frå 1998 til 2002 og igjen frå 2010.[1]

Viktor Orbán

Fødd31. mai 1963 (60 år)
Székesfehérvár
Statsborgar avUngarn
PartiFidesz (1988)
Yrkejurist, fotballspelar, advokat, politikar
Utdanna vedTeleki Blanka gymnas og ungdomsskole
Eötvös Loránd-universitetet
Pembroke College
MorErzsébet Sípos
FarGyőző Bálint Orbán
EktefelleAnikó Lévai
BarnRáhel Orbán, Gáspár Orbán, Sára Orbán, Róza Orbán, Flóra Orbán
VervStatsminister i Ungarn 1998–2002
FøregangarGyula Horn
EtterfylgjarPéter Medgyessy
VervStatsminister i Ungarn 2010–
FøregangarGordon Bajnai
Alle verv
  • Ungarns statsministre (2010–)
  • Ungarns statsministre (1998–2002)
  • medlem av Ungarns nasjonalforsamling (1990–) Sjå dette på Wikidata

Orbán er gift med juristen Anikó Lévai. Dei har fem barn.

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Orbán blei fødd i Székesfehérvár, der familien hans busette seg i 1977. Han fullførte gymnaset i 1981 og avtente militærtenesta mellom 1981 og 1982. Deretter studerte han jus ved Eötvös Loránd-universitetet i Budapest. Han tok juridisk embetseksamen i 1987. Dei neste to åra budde Orbán i Szolnok, men pendla til Budapest der han arbeidde i landbruks- og fødevareministeriet.

Politisk karriere endre

Orbán var ein av grunnleggjarane av Fidesz (unionen av unge demokratar), som blei skipa 30. mars 1988. Den 16. juni 1989 talte Orbán på Heltanes gate då Imre Nagy og andre nasjonale martyrar frå oppstanden mot dei sovjetiske okkupantene i 1956 blei minna. Han kravde frie val og at sovjetiske troppar blei trekte ut av landet. Talen blei møtt med stor nasjonal begeistring. Sommaren 1989 deltok Orbán i opposisjonen sine forhandlingar i samand med ei demokratisk maktovertaing.

I 1990 blei han medlem av det ungarske parlamentet og frå 1993[2] leiar av Fidesz. Partiet blei omforma frå ein radikal studentorganisasjon til eit sterkt høgreorientert politisk parti under hans leiing. I 1995 endra partiet namn til Fidesz-MPP (unionen av unge demokratar/Det ungarske borgarpartiet). Partiet vann parlamentsvala i 1998 og Orbán blei statsminister. Han blei med dette den yngste statsministeren i ungarsk historie.

I mars 1999 skreiv han under på avtalen som gjorde Ungarn til medlem av NATO.

Etter at Orbán blei vald til statsminister igjen i 2010 er han blitt kritisert for å gå i ei meir autoritær retning.[3][4][5] Han har stilt seg meir kritisk til EU, homofile, immigrantar og fri journalistikk, og har gjord innskrenkingar på desse områda.[6][7][8]

Prisar og utmerkingar endre

Han har fått Freedom Award av American Enterprise Institute og New Atlantic Initiative (2001), storkrossen av den nasjonale fortenstorden i Ungarn (2001), Förderpreis Soziale Marktwirtschaft (2002) og Mérite Européen-prisen (2004).

Kjelder endre

  1. «Viktor Orbán» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 22. november 2023. 
  2. «CV of Viktor Orbán», orbanviktor.hu
  3. «Viktor Orbán» i Store norske leksikon, snl.no.
  4. Horvath, Dorte Rozalia: Viktor Orbán i Den Store Danske på lex.dk. Henta 22. november 2023.
  5. Martin Toft. «Val i Ungarn:Toppakademikarar trur Victor Orbán vil vinna på nytt». UniForum – Nettavis for Universitetet i Oslo. Henta 22. november 2023. 
  6. Una Hajdari. «Budapest Pride challenges Hungarian ‘LGBT propaganda’ law in court» (på engelsk). Euronews. Henta 22. november 2023. 
  7. Matt Murphy. «Viktor Orban: Hungary 'autocracy' verdict from EU correct, say activists» (på engelsk). BBC news. Henta 22. november 2023. 
  8. «Hungary» (på engelsk). Reporters Without Borders (RSF). Henta 22. november 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Viktor Orbán