Gorgan
گرگان
by
Land  Iran
Provins Golestan
Fylke Gorgan
Bakhsh Sentral
Koordinatar 36°50′19″N 54°26′05″E
Høgd 1 350 m
Areal 1 700 km²
Folketal 269 226  (2006)
Tidssone IRST (UTC+03:30)
Kart
Gorgan
36°50′48″ N 54°25′48″ E
Wikimedia Commons: Gorgan
Gorgan ved GEOnet Names Server

Gorgan (persisk skrift گرگان‎) kaspisk Vergen, tidlegare Astarabad (persisk اَستِر آباد‎), òg skrive av Asterabad), er hovudstaden i provinsen Golestan i Iran. Han ligg kring 400 km nordaust for Teheran, kring 30 km inn frå Kaspihavet. I 2006 hadde byen kring 270 000 innbyggjarar.

Byen har ein regional flyplass og fleire universitet. Gorgan lufthamn opna i september 2005. Om lag 150 km aust for Gorgan ligg Golestan nasjonalpark.

Den store muren i Gorgan

Historie endre

Det finst fleire arkeologiske funnområde ved Gorgan, mellom anna Tureng Tepe og Shah Tepe med funn frå steinalderen og koparsteinalderen. Under Partia og Sassanidedynastiet blei Den store muren ved Gorgan bygd.

Geografi og klima endre

Den vide Dasht-e Gorgan (Gorganslettene) ligg nord for byen og dekkjer kring 1700 km².

Generelt har Goelstan eit moderat og fuktig klima. Elburz-fjella og nærleiken til Kaspiahvet styrer mykje av klimaet. Den årlege middeltemperaturen er 18,2 °C og i den normale årsnedbøren er 600 mm.

Vêrdata for Gorgan
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 29 32,4 35 39 43 45 44 44 41,6 39 36 29,2 45
Gjennomsnittleg maks °C 12,4 13,1 15,3 21,2 26,9 30,9 32,6 32,7 29,9 24,8 18,8 14,3 22,7
Gjennomsnittleg min °C 3,4 3,8 6,1 10,7 15,5 19,9 22,8 22,9 19,6 13,9 8,9 5,2 12,7
Lågast målte °C −10 −6 −3,2 0 2,8 10 15 13 9 3 −2 −7 −10
Gjennomsnittleg nedbør mm 55 55,8 79,4 52,8 44,1 33,4 22,2 27,3 38,9 66,1 68,5 57,5 601
Gns. luftfukt (%) 73 73 74 72 67 64 65 68 69 70 73 74 70
Gns. solskinstimar i månaden 135,3 128,1 132,3 164,6 207,6 220,4 221,9 220,5 196,3 196,4 151,1 132,8 2 107,3
Kjelde: Synoptic Stations Statistics

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre