Gorodets (russisk Городе́ц) er ein by i Nizjegorod oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg på venstre breidda av Volga, rundt 50 km nordvest for Nizjnij Novgorod.

Gorodets
Городец
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Gorodets
Byvåpenet til Gorodets


Plassering
Gorodets is located in Russland
Gorodets is located in Nizjegorod oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Nizjegorod oblast
Grunnlagd
Bystatus
1100-talet
1921
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)

31 900
Koordinatar 56°39′1″N 43°28′13″E / 56.65028°N 43.47028°E / 56.65028; 43.47028
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 606500
Retningsnummer (tlf) +7 83161

Historie endre

 
Ved Revolusjonsbryggen i Gorodets

Gorodets vart grunnlagd i 1152 av fyrst Jurij Dolgorukij som ei stor festning ved Volga og den første russiske festninga i dagens Nizjegorod oblast. Han var utgangspunkt for mange av Vladimir-Suzdal sine felttog mot Volga Bulgaria. I 1216 vart Jurij II kasta frå trona og send i eksil her. I 1239 vart byen brend ned til grunnen av armeen til Batu Khan under mongolinvasjon av Russland. Folketradisjonar identifiserer Gorodets med Vesle Kitezj, ein legendarisk by som vart øydelagd av mongolane.

I 1263 døydde Aleksander Nevskij i Gorodets på veg tilbake til Novgorod frå Den gylne horden. Son hans, Andrej av Gorodets, gjorde byen til sin hovudresidens. Prokhor, ein kjend ikonmåler frå mellomalderen, vart fødd her. På midten av 1300-talet vart byen overskugga av den nærliggande Nizjnij Novgorod, men var framleis den tredje største byen i Fyrstedømet Nizjnij Novgorod heilt til 1408, då Edigu jamna han med jorda.

Dei neste to hundreåra var byen kjend som Gorodets Pustoj (dvs. «Gorodets den tomme»). Nokre kjelder hevder at innbyggjarane i byen flytta nedover elva til dagens Balakhna). Innan 1800-talet var Gorodets gjenreist som ein velståande landsby busett av gammaltruande handelsmenn og kjend for sine dekorative handverk, som treskjering og måleri.

I 1875 vart Gorodets skildra som eit større senter for handel med korn og husgeråd i tre.[1]

I 1922 fekk Gorodets igjen bystatus. Mellom 1948 og 1959 vart demninga til Gorkij vasskraftverk (no Nizjnij Novgorod vasskraftverk) bygt nokre få kilometer oppfor Gorodets.

Kjelder endre

  1. A Guide to Nizhny Novgorod og Nizhny Novgorod Fair Arkivert 2012-02-05 ved Wayback Machine. Alexander Serafimovich Gatsisky, 1875. (russisk)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gorodets
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.