Gosforthkrossen (engelsk the Gosforth Cross) er ein steinkross som står høgreist blant gravene på kyrkjegarden kring Saint Mary-kyrkja i den vesle landsbyen Gosforth vest i Cumbria i Nordvest-England. Krossen er av interesse i skandinavisk samanheng ettersom mesteparten av dei bileta som er hogd ut i lågt relieff på stammen av krossen er tolka som figurar og hendingar frå skandinavisk heiden mytologi.

Gosforthkrossen.

Skildring

endre
 
Gosforthkrossen ved Mariakyrkja.

Krossen, som på stilistisk grunnlag er tidfest til ni-hundretalet, er av raud sandstein, forma som ei slank søyle med ein ringkross med om lag 50 cm i diameter i toppen, totalt 4,42 meter høg, oppsett på ein låg, kvadratisk plattform, avtrappa i tre trinn. Nedst har søyla sirkulært tverrsnitt, men frå om lag 2,10 meter over bakken og opp til ringkrossen i toppen er det uthogd fire plane biletfelt som vender mot kvar si av dei fire himmelretningane. Søyla er 32 cm i tverrmål ved bakken, men berre 16 cm rett under ringkrossen i toppen.

Ringkrossen har breisidene mot aust og vest, og det er truleg at biletfelta på aust- og vestsida av søyla står i andre relasjonar til krossen i toppen enn dei på nord- og sørsida. Alle breisidene på krossarmane har kvar sin geometrisk figur i lågt relieff, ei treflika sløyfe som vert kalla trikvetra. På dei frie smalsidene mot nord og sør er det flettverksmønstre. Partia mellom ringen og dei trapesforma krossarmene er fullt uthogde, slik at ringen står som ei frittståande boge frå arm til arm.

Utskjeringar

endre
 
Scena på Gosforth-krossen som er tolka som Loke og Sigyn i fjellhòla.

Nedst i biletfeltet på austsida av søyla er det ei scene som syner to samanfiltra ormar som høgg etter kjeften på kvarandre. Over dette er det synt ei kvinne til høgre og ein mann til venstre, vende mot kvarandre. Mannen held eit spyd han har stukke inn i sida på ein mann som står i eit innramma felt over dei to, med armane utstrekt rett ut til kvar si side. Det går klårt fram at blodspruten står ut av såret som spydet har opna i sida på han. Biletet er tolka som ei framstilling av Kristi krossfesting, og er den einaste av scenene på Gosforthkrossen som vert rekna for å skildre ei bibelsk hending. Men det har òg vore hevda[1] at denne scena var meint i samtida som både ei framstilling av den heidne guden Odin si sjølvofring i Yggdrasil, slik dette er skildra i den norrøne litteraturen, og som ei framstilling av Kristi krossfesting i samsvar med den kristne læra, då anna materiale kan tyde på at heiden og kristen tru har vore rekna som jamstilte i dette samfunnet då Gosfortkrossen vart laga.

Alle dei andre bileta er tolka som skildringar av hendingar og makter som er kjende frå norrøn mytologi, med den modifikasjonen at ei viss påverknad frå irsk heiden mytologi kan ha gjort seg gjeldande, ettersom den skandinaviske innvandringa til området kan ha gått føre seg frå skandinaviske busetnader på irsk jord. Men ein slik eventuell påverknad vert ikkje rekna for å ha endra meininga med bileta på ein måte som gjer det irrelevant å knyte dei til norrøne myter, som i fleire samanhengar kan ha vore sams germanske myter i førkristen tid.

Nedst i biletfeltet på vestsida av søyla finst ei scene som er tolka som den norrøne mytologiens Loke som ligg lenka i fjellhola, med hustrua Sigyn attmed seg for å verne han mot ormegifta som dryp ned på han, ved å samle gifta opp i eit beger. Dei andre scenene, som syner store ormar med rovdyrhovud, innfletta i kvarandre på eit vis som gjev inntrykk av at dei er ormar med hovud i både ender, med menn til hest eller til fots framfor dei, væpna med spyd, er tolka som Ragnarok-skildringar. I ei scene meiner ein å kunne sjå Vidar, ein son av guden Odin, i kamp med Fenrisulven, som her syner seg meir i skapnad av ein orm enn ein ulv. I ei anna scene meiner ein å sjå guden Heimdall som blæs til strid i signalhornet sitt. Dette heidne mytestoffet meiner ein har vore nytta på ein kristen måte.[2]

Men det har vorte reist tvil om tolkingane, til dømes at det er Loke og Sigyn i fjellhola som er skildra på vestsida av søyla. Det kan sjå ut til at båe figurane er kvinner, for båe to har den same lange hårfletta som kjenneteikna kvinner i førkristen tid, slik det framgår av ulike typar bilete frå denne tida.[3] Det ser heller ikkje ut til at det er eit beger til å samle opp ormegift i, som den eine kvinna held i handa, men ein annan ting.

Kva slags funksjon Gosforthkrossen har hatt i den kristne kulten i dette området i mellomalderen, er det skilde meiningar om. Ein hypotese går ut på at krossen har vore nytta som ein «fondvegg» i ei friluftskyrkje i den tidlege tida, med eit alter vest for krossen, og med presten plassert mellom krossen og alteret.[4] Etter ein annan hypotese har krossen markert den eine enden av ei viktig grav, helgengrav, medan ein annan kross kan ha markert den andre enden.[3] Fragment av ein annan kross frå same kyrkjegarden, med mellom anna eit bilete som er tolka som guden Tor i ferd med å fiske opp Midgardsormen, er teke vare på inne i kyrkja. Der står òg ein type husliknande gravsteinar, hogback, som har vore nytta av folk i dei øvre sjikta i engelske samfunn med skandinavisk opphav.

Andre monument frå gamal tid

endre

Inne i kyrkja er det teke vare på eit fragment av eit steinmonument med relieffbilete som syner delar av ein hjort med ein orm mellom beina, og under dette ei scene som etter den gjengse tolkinga syner ein episode frå soga i den norrøn mytologien om jotnen Hyme og guden Tor i ein båt på havet medan Tor freistar fiske opp Midgardsormen, men vart hindra av Hyme i dette, slik Snorre Sturlason skriv om i si Edda (Den yngre Edda). I kyrkja står det òg to dekorerte gravsteinar, såkalla hogbacks, som er ein gravsteintype som er rekna for å ha hatt tilknyting til ætter med nordisk opphav. Korkje steinen med Tor og Hyme, eller dei to gravsteinane, står no der dei opphavleg har vore plassert.

Bilete

endre

Fotnotar

endre
  1. Ohlgren 1988
  2. Sjå til dømes Danbolt 1989, Bailey 2000
  3. 3,0 3,1 Haavardsholm 1996
  4. Danbolt 1989, s. 235

Litteratur

endre
  • Bailey, Richard N. (2000), «Scandinavian Myth on Viking-period Stone Sculpture in England», i Barnes, Geraldine & Margaret Clunies Ross, Old Norse myths, literature and society : proceedings of the 11th International Saga Conference, 2-7July, 2000, Sydney: Centre for Medieval Studies, University of Sydney, ISBN 1-86487-316-7 
  • Berg, Knut. 1958. Gosforth-korset, en ragnaroksfremstilling i kristen symbolikk. Viking : Tidsskrift for norrøn arkeologi XXI/XXII. Oslo: Norsk Arkeologisk Selskap. S. 203-229.
  • Cramp, Rosemary; Bailey, Richard N. 1988. Corpus of Anglo-Saxon stone sculpture in England: General introduction. Cumberland, Westmorland and LancashireNorth-of-the-Sands. Oxford University Press. ISBN 0-19-726036-5
  • Danbolt, Gunnar (1989), «Hva bildet kan fortelle om møtet mellom hedenskap og kristendom», i Andrén, Anders, Medeltidens födelse : Symposier på Krapperups Borg 1, Lund: Gyllenstiernska Krapperupsstiftelsen, s. 233–260, ISBN 91-87944-00-6 
  • Hoftun, Oddgeir (2016), Nordiske og fellesgermanske hedenske motiver i middelalderens engelske kristne herskerpropaganda : bildene på steinkorset Gosforth Cross og skrinet Franks Casket, Oslo: Kolofon Forlag, ISBN 978-82-300-1417-2
  • Haavardsholm, Jørgen (1996), «Gosforthkorset og dets kontekst», i Rindal, Magnus, Studier i kilder til vikingtid og nordisk middelalder, KULTs skriftserie 46, Oslo: Norges forskningsråd, s. 117–146, ISBN 82-12-00625-5 
  • Janson, Henrik (2005), «Snorre, Tors fiskafänge och frågan om den religionshistoriska kontexten» i Vägar till Midgård 6: Hedendomen i historiens spegel - bilder av det förkristna Norden, Nordic Academic Press, Lund. ISBN 91-89116-80-1.
  • Ohlgren, Thomas H. 1988. The pagan iconography of Christian ideas : tree lore in Anglo-Viking England. I: Dinzelbacher Peter (ed.), Mediaevistik : internationale Zeitschrift für interdisiplinäre Mittelalterforschung 1. Frankfurt am MaI: Peter Lang, Frankfurt am Main, New York, Paris. S. 145-173.

Bakgrunnsstoff

endre