Gosport er ein by i Hampshire i England. Han utgjer òg eit distrikt. Arealet er på 65,5 km² og han har kring 70 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane bur i byen, så totalt i distriktet bur det berre 80 000 innbyggjarar.

Gosport

Gosport sett frå Spinnaker Tower i Portsmouth
Gosport sett frå Spinnaker Tower i Portsmouth
Gosport sett frå Spinnaker Tower i Portsmouth
Plassering
Gosport is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Hampshire
Distrikt Gosport
Geografi
Flatevidd
 - By

65,5 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

71 387
  1 089,9 /km²
Koordinatar 50°48′N 1°7′W / 50.800°N 1.117°W / 50.800; -1.117
Diverse annan informasjon
Postnummer PO12, PO13
Telefon-retningsnummer 02392
Nettstad: www.gosport.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Gosport

Gosport feira 800-årsjubileet sitt i 2004. I 1204 gav biskop Godfrey de Lucy av Winchester alle inntekter frå den nye byen til Winchesterkatedralen. Dette er den første offisielle heideren av Gosport som by.

Historia til staden går lenger tilbake; utanfor bykjernen kjenner ein til busetjingar frå angelsaksisk tid og endå lenger tilbake. Det synest òg klårt at det må ha vore ein landsby der før 1204, og at denne så fekk bystatus (town).

Royal Air Force bygde ein flybase på Rownerhalvøya ved byen, RAF Gosport i 1918. Under slaget om Storbritannia vart denne ein av frontlinjebasene for jagarfly som vart sende opp for å stoppe tyske bombefly. I 1946 vart basen selt til Royal Navy, som brukte han som helikopterbase under namnet HMS Siskin. I 1966 trekte marinen seg ut, og eit bustadfelt vart bygd på staden.

Kjelder endre