Gotfred Kvifte

norsk fysikar

Gotfred Ingolf Kvifte (fødd 1914 i Froland, død 1997) var ein norsk fysikar som var professor og seinare rektor ved Noregs Landbrukshøgskule .

Gotfred Kvifte
Fødd 8. februar 1914
Død

2. mars 1997 (83 år)

Yrke fysikar

Han tok dr.philos. i 1953 og var dosent ved Universitetet i Bergen i 1953–54, så professor i fysikk og meteorologi ved Noregs Landbrukshøgskule frå 1954 til 1984. Han var rektor same stad frå 1961 til 1968. Kvifte har offentleggjort ei rekkje avhandlingar om spektroskopi, nordlysforsking, geofysikk og landbruksmeteorologi, og hadde dessutan ei rekkje offentlege verv i forskingsråd og -utval.

KjelderEndra