Region Gotland
Region Gotland (på svensk: Gotlands kommun) er ein kommune som i areal og folketal er identisk med landskapet Gotland og Gotlands län i Sverige. Difor har kommunen oppgåver som til dømes landsting, i tillegg til ein viss grad av regionalt sjølvstyre. Administrasjonssenteret i kommunen er Visby.
Region Gotland | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Gotlands län | ||
Landskap | Gotland | ||
Del av | Gotland, Q61587125, Q10680639 | ||
Centralort | Visby | ||
Areal | 3 183,72 km² | ||
• land | 3 151,44 km² | ||
• vatn | 32,28 km² | ||
Folketal | 57 004 | ||
Folketettleik | 18 / km² | ||
Gotlands kommun 57°36′55″N 18°16′50″E / 57.615277777778°N 18.280555555556°E | |||
Kart som viser Region Gotland.
| |||
Wikimedia Commons: Gotland | |||
Nettstad: www.gotland.se |
Region Gotland omfattar øya Gotland og dei omkringliggjande øyane, der dei viktigaste er Fårö, Stora Karlsö, Lilla Karlsö og Gotska Sandön.
Administrativ historikk
endrePå Gotland var det i 1951 ikkje mindre enn 93 kommunale einingar, der éi av dei var landsting, éi stad, éi köping, éi municipalsamhälle og 89 var landskommunar. Dessutan fanst det fleire kommunalförbund der fleire av kommunane gjekk saman. Fleirtalet av kommunane hadde færre enn 100 innbyggjarar. Tjuge år seinare var biletet eit heilt anna. Alle desse einingane var oppløyste og erstatta av éin kommune som dekte heile lenet.
Frå kommunalforordningane tredde i kraft 1. januar 1863 og fram til den fyrste av to riksomfattande kommunereformer i Sverige i 1952 hadde det berre vorte gjort små inndelingsforandringar på Gotland. I 1886 vart Hemse municipalsamhälle innlemma i Hemse kommun, og i 1936 vart Visby landskommun innlemma i Visby stad. Det same året vart også Othems kommun gjord om til Slite köping.
Ved kommunereforma som vart vedteken av Riksdagen i 1946 og gjennomført i 1952 vart desse såkalla storkommunane danna (frå nord til sør): Fårösund (av 4 kommunar), Lärbro (av 4 kommunar), Tingstäde (av 10 kommunar), Dalhem (av 8 kommunar), Romakloster (av 18 kommunar), Stenkumla (av 8 kommunar), Klintehamn (av 8 kommunar), Hemse (av 8 kommunar), Stånga (av 3 kommunar), Ljugarn (av 6 kommunar), Havdhem (av 6 kommunar), samt Hoburg (av 5 kommunar). Boge kommun vart innlemma i Slite köping, medan det ikkje vart gjort endringar i Visby stad. Hemse municipalsamhälle vart oppløyst ved utgangen av 1958.
Etter ti år innsåg ein at reforma ikkje hadde gjort nok for Gotlands län, for også «storkommunane» var i mange høve for små til å gjennomføre oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte. Lensstyret føreslo difor at Gotland skulle delast inn i tre kommunar, ein for Visby og området rundt, ein for den nordlege delen av øya (med Slite som administrasjonssenter) og ein for sør-Gotland (med Hemse som administrasjonssenter). I høyringsrunda med kommunane i lenet, føreslo dei fleste at ein burde dele øya inn i fem kommunar, medan Fårösund føreslo éin samlingskommune.
I april 1970 gjorde regjeringa vedtak i saka. Gotland skulle frå 1. januar 1971 utgjere éin kommune. Difor kunne også landstinget oppløysast og oppgåvene det hadde overførast til den nye kommunen, slik at ein unngjekk dobbeladministrasjon.
Sidan 1999 har Gotland, saman med Skåne län og Västra Götalands län, vore med i eit prøveprosjekt der ein overlèt visse av oppgåvene til länsstyret til eit regionalt organ, i dette tilfellet Gotlands kommun.
Kommunevåpenet
endreBlasonering: På raud bakgrunn, ein ståande vêr i sølv og gull framfor ein krosstav av gull der det er festa eit raudt banner med fem gullstrekar på..[1]
Ved kommuneopprettinga i 1971 fanst det, trass i det høge talet på tidlegare kommunar, berre eitt kommunevåpen, og dette høyrde til Visby stad. Det inneheldt eit gudslam (Agnus Dei) på raud bakgrunn. Den nye kommunen valde òg å utforme det med raud bakgrunnsfarge, i motsetnad til den blå i våpenet til landskapet og länet.
Tettstader
endreDet er 16 tettstader i Region Gotland.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Visby | 22 236 |
2. | Hemse | 1 836 |
3. | Slite | 1 598 |
4. | Klintehamn | 1 407 |
5. | Vibble | 1 135 |
6. | Romakloster | 905 |
7. | Fårösund | 862 |
8. | Lärbro | 521 |
9. | Burgsvik | 347 |
10. | Stånga | 342 |
11. | Havdhem | 318 |
12. | Västerhejde | 302 |
13. | Tingstäde | 278 |
14. | Väskinde | 275 |
15. | Roma | 253 |
16. | När | 209 |
Kjelder
endre- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Gotlands kommun» på Wikipedia på svensk.
Fotnote
endre- ↑ «I rött fält en stående vädur av silver med beväring av guld, förande ett på korsstav av guld fästat rött banér med bård och fem flikar av guld.».