Fårö er ei særprega øy nordaust for Gotland, skild frå Gotland av Fårösund. Arealet til Fårö er 113 km². Øya er ei moreneøy med mange små innsjøar. I dei austlege delane av øya finn ein det særeigne flygesandområdet Ulla Hau.

Fårö
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 57°56′N 19°09′E / 57.933°N 19.150°E / 57.933; 19.150

Areal 113 km²

Administrasjon
Land Sverige
Len Gotlands län

I sommarmånadene er øya godt besøkt av turistar, inkludert ein og annan profilert politikar; den faste folkesetnaden er mindre, men inkluderte tidlegare Ingmar Bergman. På Fårö finn ein også Kutens bensin. Det austlegaste punktet er Fårö fyrplats med det 30 meter høge fyret Holmudden.

Heilt inn på 1990-talet var det forbode for utlendingar å reise til nordre Gotland og Fårö. Store skilt ved vegkanten på fleire språk informerte besøkjande om dette, og dette vart handheva strengt. Etter at Sverige vart medlem av EU, kunne den svenske regjeringa ikkje lenger halde fram denne praksisen.

Galleri endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fårö