Gotleybreen
Gotleybreen er ein veldefinert isbre, 13,2 km lang, som stig ned frå den isdekte fjellsida av fjellmassivet Big Ben på sørvestsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Brefronten ligg mellom Cape Arkona og Cape Labuan.[6][7] Aust for Gotleybreen ligg Deacockbreen, som endar mellom Cape Labuan og Long Beach. Nordvest for Gotleybreen ligg Liedbreen, som endar mellom Cape Arkona og Cape Pillar. Cape Arkona skil Gotleybreen frå Liedbreen.
Gotleybreen | |||
isbre | |||
Satellittbilete av sørenden av Heardøya. Cape Arkona ligg på venstresida av biletet med Liedbreen like oppom og Gotleybreen like nedanfor. Big Ben-vulkanen og Mawson Peak er nede til høgre på biletet.
| |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Stad | Heardøya | ||
- koordinatar | 53°10′S 73°27′E / 53.167°S 73.450°E | ||
Lengd | 13,2 km | ||
Areal | 27 km² | ||
Munning | mellom Cape Arkona og Cape Labuan | ||
Tjukkleik | kring 55 m | ||
status | I tilbaketrekking[1][2][3][4][5] | ||
Gotleybreen 53°10′00″S 73°27′00″E / 53.1667°S 73.45°E |
Gotleybreen vart kartlagt i 1948 av Australian National Antarctic Research Expeditions, og vart namngjeven av dei etter Aubrey V. Gotley, ein meteorolog og øvstkommanderande for gruppa.[6][7]
Kjelder
endre- ↑ Andrew Ruddell (25. mai 2010). «Our subantarctic glaciers: why are they retreating?». Glaciology Program in Antarctica CRC and AAD. Arkivert frå originalen 2. oktober 2009. Henta 28. desember 2013.
- ↑ Ian F. Allison and Peter L. Keage (1986). «Recent changes in glaciers of Heard Island». Polar Record 23 (144): 255–272. doi:10.1017/S0032247400007099. Henta 28. desember 2013.
- ↑ Quilty, P.G. and Wheller, G. (2000). «Heard Island and the McDonald Islands: A window into the Kerguelen Plateau (Heard Island Papers)». Pap. Proc. R. Soc. Tasm. 133 (2): 1–12.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ Budd, G.M. (2000). «Changes in Heard Island glaciers, king penguins and fur seals since 1947 (Heard Island Papers)». Pap. Proc. R. Soc. Tasm. 133 (2): 47–60.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ Douglas E. Thost, Martin Truffer (februar 2008). «Glacier Recession on Heard Island, Southern Indian Sea». Arctic, Antarctic, and Alpine Research 40 (1): 199–214. doi:10.1657/1523-0430(06-084)[THOST]2.0.CO;2. Arkivert frå originalen 4. desember 2012. Henta 28. desember 2013.
- ↑ 6,0 6,1 «Gotleybreen». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 28. desember 2013.
- ↑ 7,0 7,1 «Gotleybreen». Australian Antarctic Data Centre. Henta 28. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Klikk her Arkivert 2014-02-11 ved Wayback Machine. for å sjå eit kart over Heard- og McDonaldøyane
- Australian Antarctic Division
- Australian Antarctic Gazetteer Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.
- Composite Gazetteer of Antarctica
- Australian Antarctic Names and Medals Committee (AANMC)
- US Geological Survey, Geographic Names Information System (GNIS)
- Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) Arkivert 2010-08-18 ved Wayback Machine.