Gråflugesnappar


Gråflugesnappar
Gråflugesnappar

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Muscicapidae
Slekt: Muscicapa
Vitskapleg namn
Muscicapa striata


Gråflugesnappar (Muscicapa striata) er ein trekkfugl i flugesnapparfamilien. Han hekkar i store delar av Europa og Vest-Asia, og overvintrar hovudsakleg i den sørlege delen av Afrika.

SkildringEndra

Oversida er gråbrun. Undersida lys grå. Mørkare striper i lengderetninga på brystet. Hovudet har svartbrune flekker. Lengd: 14 - 16 cm.

Høgste alder påvist ved funn av fugl ringmerka i Noreg er 7 år og 1 månad.

UtbreiingEndra

Gråflugesnappar finst stort sett over heile Noreg. Han er mindre vanleg i Troms og Finnmark. Ein reknar med at mellom 100 000 og 500 000 par hekkar i Noreg. Gråflugesnappar er ein typisk trekkfugl. Hausttrekket tek til i august. Det ser ut som dei fleste fuglane frå Noreg kryssar Middelhavet frå Italia. Gråflugesnappar forlet vinteropphaldsstaden i det sørlege Afrika i april, og kjem til Noreg i slutten av mai.

Gråflugesnappar er utbreidd over det meste av Europa. Han er å finne frå midtausten til Pakistan og frå den sentrale delen av Afrika austover mot Mongolia. I Europa reknar ein med at det er mellom 14 og 22 millionar par.

LevevisEndra

Han held seg helst i blandingsskog med opne område. Han er ofte å sjå i parkar. Reiret ligg ope til i tre, bergveggar, hus,vedstablar og liknande stader. Han kan hekke i fuglekasser, men vil ha stor opning. Hoa legg oftast fem egg. Dei er lysegrøne, blå, eller gulaktig med brune eller grålege flekkar.Egga vert lagde i slutten av mai eller i juni. Dei ver ruga i om lag 1 dagar. Ungane flyg etter om lag 2 veker. Dei vert mata av foreldra etter dei har forlate reiret. Føda er for det meste flygande innsekt.

Songen er svak og vekkjer lite merksemd.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråflugesnappar