Grønfink

art av sporvefuglar
Grønfink
Grønfinkar. Hann oppe og ho nede. Foto: Andreas Trepte
Grønfinkar. Hann oppe og ho nede.
Foto: Andreas Trepte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av Grønfink
Utbreiinga av Grønfink
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Chloris
Art: Grønfink C. chloris
Vitskapleg namn
Chloris chloris

Grønfink (Chloris chloris, òg Carduelis chloris) er ein fugl i finkefamilien som er utbreidd i Europa, Nord-Afrika og sørvestre Asia aust til Turkmenistan.

Grønfinkegg

Skildring endre

Grønfinken er ein kraftig bygd fugl med eit stort hovud og eit kraftig nebb. Han er om lag 14,5-16 cm lang, og veg mellom 17 og 34 gram. Fjørdrakta er olivengrøn med gule innslag. Vengene og stjerten er gulgrøne og stjerten kan ein tydeleg sjå når fuglen flyg. Hoa er meir gulbrun, men med dei same gule fjørene på vengene og stjerten som hannen har.

Grønfinken er ein selskapeleg fugl og lever oftast i flokkar med mange individ. Han lever ofte saman med grønsisiken når han ikkje hekkar. Der det er mykje mat kan det samla seg store flokkar med grønfinkar. Om kvelden samlar dei seg òg i store flokkar i skogen for å overnatta.

Grønfinken hekkar i april–juli, og er tilhøva gode kan eit par få opptil tre kull. Hoa legg mellom 4 og 6 egg som ho rugar på i 12–14 dagar. Ungane forlèt reiret etter 13–16 dagar.

Grønfinken er ein av dei få fuglane som syng medan han flyg.

I år 2021 blei grønfink oppgradert frå kategorien livskraftig til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[1]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av grønnfink Chloris chloris for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021