Grünerløkka studenthus

59°55′23.182″N 10°45′13.766″E / 59.92310611°N 10.75382389°E / 59.92310611; 10.75382389

Grünerløkka studenthus sett frå vestsida av Akerselva. Hovudinngangen ligg i trappehuset til venstre. Fotografi frå 2007
Foto: Helge Høifødt
Kortsida, sørsida, av huset. Her ligg det toroms husvære i kvar høgd. Fotografi frå 2003.
Foto: Philip Gabrielsen

Grünerløkka studenthus, som òg vert kalla Studentsiloen, er eit hybelhus for studentar i Marselis' gate 24 på Grünerløkka i Oslo. Huset ligg attmed Akerselva og var opphavleg ein kornsilo for Nedre Foss mølle, bygd i 1953. Siloen vart kjøpt av Studentsamskipnaden i Oslo i 2000 og ombygd til studentbustadar med 226 sirkulære hyblar og nokre større husvære, opna hausten i 2001. På grunn av den sirkulære forma på hyblane, er inventaret teikna og produsert spesielt for studenthuset.

Bygningen, som er 53 meter høg, har tre rekkjer av siloar med sju siloar i kvar, altså til saman 21 siloar, og eit trappehus i nordenden. Ved ombygginga til studentbustader vart det støypt etasjeskilje oppover i siloane, og vindauge skåre ut i siloveggane. Til saman er det no 19 høgder i bygningen; tre av dei går med til diverse fellesareal. Trapp og heis er montert i trappehuset mot nord. Til isolering av bygningen vart det nytta isopor som vart lagt på yttersida av ytterveggane, med sprøytepuss utanpå.

Oslo kommunes pris for god byarkitektur (Oslo bys arkitekturpris) vart tildelt Grünerløkka studenthus i 2002. Som minne om tida då huset var kornsilo, er det til høgre for hovudinngangen stilt ut ein kopi av fronten på dei korntrikkane som frakta korn frå siloen på Vippetangen til denne siloen i si tid. Bygningen hadde vore nytta som kornsilo i innpå 40 år, jamvel ei tid etter at mølla vart lagd ned.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Grünerløkka studenthus