Gram per liter (g/L) er ei måleining for konsentrasjon. Ho blir særleg nytta om oppløyste stoff i væsker i samband med biologi, til dømes globulin, sukker eller ammonium i blod, drikkevatn eller vassdrag. Ein kan òg nytta måleininga med konsentrasjonar i anna enn væsker, til dømes luft.