Grand Pilier d'Angle
Grand Pilier d'Angle | ||
---|---|---|
Grand Pilier d'Angle til venstre for midten, med Mont Blanc til høgre. | ||
Høgd over havet | 4 243 m s.l.m. | |
Område | Aostadalen, Italia | |
Fjellområde | Mont Blanc-massivet | |
Dominans | 0,7 km → Mont Blanc de Courmayeur | |
Skardhøgd | 35 m ↓ Skaret mot Mont Blanc de Courmayeur | |
Koordinatar | 45° 49′ 41″ N, 6° 52′ 49″ AKoordinatar: 45° 49′ 41″ N, 6° 52′ 49″ A | |
| ||
Førsteklatring | 20. august 1822 av F. Clissold med førarane J. M. Couttet, M. Bossonney, D. Couttet, P. Favret og J. B. Simond |
Grand Pilier d'Angle er ei høgde på Peutereyegga. Egga strekker seg austfrå og opp til Mont Blanc de Courmayeur. Høgda er 4 243 moh, primærfaktoren 35 meter og sekundærfaktoren 0,7 kilometer. Toppen ligg i den italienske delen av Mont Blanc-massivet i regionen Aostadalen.
Fram til Walter Bonatti og Toni Gobbi klatra sjølve pillaren den 3. august 1957 var toppen berre ei anonym høgde på Peutereyegga, men fekk deretter merksemd i klatremiljøet, og det er opna ei rekke ruter opp nordaustveggen.[1]
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Grand Pilier d'Angle på 4000er.de
- North east side of Grand Pilier d'Angle med inntegning av dei ulike rutene opp nordaustsida (summitpost.org )