Grans Bryggeri
Grans Bryggeri AS vart etablert i 1899 og har produksjon og lager i Sandefjord. Namnet var Sandefjord Bryggeri og Mineralvandfabrik A/S til 1965. Etter to generasjonar med Guttorm Gran (senior og junior) som leiarar, vart Trygve Christophersen engasjert som administrerande direktør i 2001.
Grans Bryggeri | |||
Grans Bryggeri i Sandefjord. Foto: Peter Fiskerstrand | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 983575048 | ||
Skipa | 1899 | ||
Hovudkontor | Sandefjord | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | øl | ||
Nettstad | http://grans.no/ |
I oktober 2005 kjøpte Reitangruppen seg inn og eig med det 50 % av bryggeriet. Familien Gran eig dei resterande 50%.
Dagleg leiar er Morten Gran, og bryggeriet har 57 tilsette. I 2009 selde Grans ca. 13.5 millionar liter øl og ca. 30 millionar liter brus.
Bryggeriet vart kåra til Årets Vestfoldbedrift 2004.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Grans Bryggeri AS» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2011.