Grantham
Grantham er ein by i South Kesteven i Lincolnshire i England.
Grantham | ||
---|---|---|
Grantham sett frå nærliggande åsar. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Lincolnshire | |
Distrikt | South Kesteven | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
34 592 | |
Koordinatar | 52°55′N 0°38′W / 52.917°N 0.633°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NG31 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1476 | |
Industri
endreRichard Hornsby & Sons (1828-1918), som låg i Grantham, produserte dei fyrste kommersielle glødehovudmotorane, etter avtale med oppfinnaren Herbert Akroyd Stuart. Dette var firetaktsmotorar. Motorane vart marknadsførte under namnet Hornsby-Akroyd. I 1896 produserte Hornsby den fyrste traktoren og det fyrste lokomotivet med glødehovudmotor og i 1905 den fyrste beltetraktoren med gødehovudmotor. Føretaket var òg med på å utvikla den fyrste pansra sjøvgåande stridsvogna.