Granulitt er ein middels- til finkorna, metamorf bergart som i hovud sak består av kvarts og feltspat. Han inneheld to forskjellige pyroksenar kalla hypersthen og augitt, samt at han kan innehalde granat, biotitt, sillimanitt og cordieritt. Granulitt har liknande struktur som gneis og har oppstått i såkalla granulittfacies under tørre vilkår ved relativt høge temperaturar (700-900 ºC) og trykk 3000–12 000 atm).

Granulitt med felsisk samansetting og garnet porphyroblasts

Over heile verda finn ein granulitt i skjoldområde frå prekambrium. I Noreg finn ein bergarten knytt til anortosittar i Egersundfeltet ved Arendal samt i Lofoten.

Kjelder

endre

«granulitt» i Store norske leksikon, snl.no.