Felsiske mineral
Felsiske mineral er mineral med ein tettleik på mindre enn 3 g/cm³. Ordet felsisk er avleidd ifrå feltspat og silika. Felsiske mineral er rike på lette grunnstoff som silisium, oksygen, aluminium, natrium og kalium. Felsiske mineral vanlege på jorda inkluderer kvarts, muskovitt, ortoklas og dei natriumrike plagioklasfeltspata. Den mest vanlege felsiske bergarten på jorda er granitt.
BiletgalleriEndra
Ortoklas, eit viktig tektosilikatmineral
Mikroskopfotografi av plagioklas (grått)
Nærbilete av granitt ifrå Yosemite nasjonalpark i USA
Pegmatitt med blå korundkrystallar
Eit eksempel på ryolitt, ein felsisk bergart Brekjsestatue av den antikke egyptiske gudinna Thueris
Eksemplar av svært porøs pimpstein ifrå Teidevulkanen på Tenerife, Kanariøyane. Tettleiken til dette eksemplaret er cirka 0,25 g/cm³
Obsidian, ein type glas som førekjem naturleg, dvs. utan krystallstruktur