Granat i geologi
(Omdirigert frå Mineralet granat)
Granat er ei gruppe silikatmineral som krystalliserer kubisk. Dei opptrer ofte i vene krystallformer.
Granat | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Nesosilikat | ||
Kjemisk formel | Den generelle formelen X3Y2(SiO4)3 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | nesten alle fargar, men blå er særs sjeldan | ||
Krystallform | Rombisk dodekaeder eller kubisk | ||
Krystallsystem | isometrisk/kubisk rombisk dodekaeder, ikostetraeder | ||
Kløyv | Utydeleg | ||
Brot | muslig til ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 6.5–7.5 | ||
Glans | glasaktig til harpiksaktig | ||
Spesifikk vekt | 3.1–4.3 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Enkelbrytande, stundom dobbeltbrytande[1] | ||
Brytingsindeks | 1.72–1.94 | ||
Ultrafiolett fluorescens | forskjellig | ||
Andre eigenskapar | forskjellig magnetisk tiltrekking |
Alle granatar har den same kjemiske summeformelen X3Y2(SiO4)3, der X står for toverdige grunnstoff som kalsium, magnesium, mangan og jarn, medan Y står for treverdige grunnstoff, vesentleg aluminium, jarn og krom.
Granatar med sterke, vene fargar og høg glans vert ofte slipte og nytta som smykkesteinar. På grunn av hardleiken deira vert dei elles nytta som slipemiddel. Produksjon av granat for dette formålet fann tidlegare stad ved Kongsberg.
Av varietetar finn ein mellom anna hessonitt og melanitt.
Kjelder
endre- Raade, Gunnar. (9. november 2012). Granat. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- ↑ Gemological Institute of America, GIA Gem Reference Guide 1995, ISBN 0-87311-019-6