Gratangsfjorden

fjord i Troms

Koordinatar: 68°43′49.462″N 17°25′42.370″E

Gratangsfjorden eller Gratangen er ein fjordarm av Astafjorden i Gratangen kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 20 km søraustover til bygdene Fjordbotn og Gratangsbotn i botn av fjorden.

Gratangsfjorden
fjord
Årsteinbrua.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Gratangen
Del av Astafjorden

Gratangen
68°43′54″ N 17°22′11″ E

Fjorden har innløp mellom Grasnes i nord og Hilleshamn i sør. Fjorden går først austover men ved grenda Lavik tar han ein djup sving sørover. Litt sør for Lavik ligg grenda Hesjeberg. Begge desse ligg på austsida. Åkenes er ei anna grend litt lenger sør. Tvers over fjorden for Åkenes ligg bygda Foldvik. Her svingar fjorden austover igjen og smalnar inn ved sundet Årsteinstraumen. Her ligg bygda Årstein, som er administrasjonssenteret i kommunen, på nordsida av fjorden. Her ligg òg Gratangen kyrkje. Fv141 kryssar dette sundet.

Den inste delen av fjorden, innanfor brua, vert kalla Gratangsbotn.

Riksveg 825 går langs heile sørvestsida av fjorden, medan Fv141 går på nordaustsida.