Fylkesveg 7806

(Omdirigert frå Fylkesveg 141 i Troms)
Fylkesveg 7806
egen går frå Tennevoll midt i biletet langs Lavangen til høgre.
egen går frå Tennevoll midt i biletet langs Lavangen til høgre.
Strekning
Tennevoll i LavangenÅrstein i Gratangen
Informasjon
Lengd 46,8 km
Status
Fylke
fylkesveg
Troms

Fylkesveg 7806 går mellom Tennevoll i Lavangen kommune og Årstein i Gratangen kommune i Troms fylke. Vegen fylgjer sørvestsida av Lavangsfjorden til Svarthammaren (kommunegrensa), fylgjer søraustsida av Astafjorden til Grøsnes ved Myrlandshaugen, og derfrå inn nordaustsida av Gratangsfjorden til Årstein. Vegen er 46,8 km lang.

Før Mjøsundbrua til Andørja vart bygd, var strekninga mellom Tennevoll og Myrlandshaugen ein del av fylkesveg 848, med ferje til HamnvikRolla og Sørvik på Andørja.

Fram til 2019 hadde vegen nemninga fylkesveg 141 i Troms.[1]

Kommunar og knutepunkt

endre

  Lavangen

Tennevoll

Tennevollveien

  •  
84 Spansdalveien frå Tennevoll mot   Fossbakken
  •   Tennevoll bru (Spanselva, 32 m)

Sørsida

  • Lotternes
  • Røkenes
  • Hestnes
  • Keiprød

  Gratangen

Nordsiveien

  • Selnes
  • Løvdal
  • Myrlandshaugen
  • Grøsnes
  • Lille Grøsnes
  • Lavik
  •   Hesjeberg bru (Storelva, 20,47 m)
  •  
Kv Kirkeveien til   Gratangen kirke (0,3 km)
  •  
825   Årsteinbrua mot   Steinsland i Tjeldsund, og mot   Langmyra

Kjelder

endre
  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre