68°43′42.287″N 16°58′25.957″E / 68.72841306°N 16.97387694°E / 68.72841306; 16.97387694

Astafjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Astafjorden
68°47′15″N 17°14′40″E / 68.7875°N 17.2445°E / 68.7875; 17.2445

Astafjorden (nordsamisk Ástavierda) er ein fjordarm av Vågsfjorden i kommunane Tjeldsund, Ibestad og Gratangen i Troms. Fjorden strekkjer seg 19 km austover langs sørsida av Rolla til fjorden Salangen, som held fram austover.

I vest startar fjorden mellom Sørrollnes i nordaust og bygda Sandstrand i sørvest. Andre busetnader på sørsida er Hilleshamn heilt i aust. Frå her går Gratangsfjorden eller Gratangen søraustover. Ein anna fjordarm er Grovfjorden som går sørover om lag midtvegs i fjorden.

På nordsida finn ein i tillegg til Sørrollnes bygdene Forså og Breivoll. Tettstaden Hamnvik er administrasjonssenter i Ibestad kommune og ligg heilt aust i fjorden på Rolla. Her kryssar Riksveg 848 under sundet Bygda via Ibestadtunnelen over til øya Andørja på andre sida. Vidare innover på sørsida av Andørja ligg Salangen (Salangsfjorden).

I tillegg til Rv848 går Riksveg 825 langs sørsida av fjorden.